De har heilt sikkert venta på vår kommentar til PACs mens vi venter, fml. som gjekk på Kjøtt og Fri scenekunstfestival på DNS i haust. For vi har jo sett den!

I ein sofa verdig for ei Jon Fosse-framsyning møtte vi to damer som venta. Og venta. Og tygde tyggegummi og dansa. Og venta. Korkje Godot eller kongen kom. Det gjorde derimot trongen til å tygge tyggis og danse på diskotek.
Hmm. Er eigentleg fire hubba bubba på ein gong så veldig mykje? Burde vi ikkje klare minst ei pakke? Challenge accepted.
Resultat: Ingrid 7 – Ragnhild 13
Også resultat: vår lengste #fanart nokon sinne!
Gjer vi det om att? Helst ikkje. Vi overlet det heller til
mens vi venter, fml – Konsept: Elise Tunstrøm – Scenografi: Tora Troe – Lyd og musikk: Jonas Røyeng – Ida Jada: Elise Austad – Linn Strikkepinn: Sacha Slengesol Balgobin.
– Ragnhild og Ingrid