Det seiast om UKA at gjøglergleden var dens mor og pengemangelen dens far, sånn var starten på eit hundre år revyeventyr. Årets ukerevy, Jubalong, visar at gjøglergleden absolutt lever. Men pengemangel det har vi ikkje, i alle fall ikkje i Noreg. Det er heller ikkje mangel på champagne.
Revy er ein teaterform eg både elskar og hatar eller elskar å hate eller hatar å elske. Det kan ha noko med at eg skreiv om revy i masteroppgåva mi, og sånn sett fekk heile greia opp i halsen. Heldigvis for ukerevyen er den så bra at eg skjønar kvifor eg skreiv om dette i utgangspunktet.
Ukerevyen feirar i år 100 år, og startar det heile med eit pang og verdas beste fest! Champagnen flyt, det er fritt for bekymringar. Men ei av dei som har drukke kanskje litt for lite, eventuelt litt for mykje, spør seg kva som skjer den dagen det går slutt på champagnen. Men det går jo aldri slutt seier dei andre medan ei fleire meter høg champagneflaske kjem opp frå scenegolvet og sånn er det heile i gang.
Foto: Fotogjengen/foto.samfundet.no
Sidan eg aldri har studert i Trondheim sjølv og hengt særdeles lite på Samfundet, såg eg for meg at det kom til å bli ein god del intern humor eg ikkje forstod. For sånn skal det jo gjerne vere. Men det kom aldri nokon parodiar på rektoren ved NTNU eller harselas over hybellivet. Denne revyen stillar seg for god for det, og det er eg litt glad for, for eg har aldri hatt det så artig på revy før.
Sjølvsagt er dei tradisjonsrike trondheimsvise og studentervise med. Denne gongen med nostalgiske blikk og ein vakker hyllest til både byen og studentlivet. Eg får nesten litt samfundetkomplekser og angrar litt på at eg reiste til Bergen for å studere, så vakkert er det.
Sjølvsagt er det enkelte nummer som er mindre bra, men ingen er dårleg. Eg ler godt av ungane som forsvarer kvifor korps er kult, utan å overbevise meg heilt og kjenner eg er glad for at eg aldri var med i korps sjølv. På Kesam Stasjon møtar vi Leonora Sharia Dahl og O. Tidimam, eit nummer som harselerer over ekstremisme og islam, utan at det går over nokre grenser. Også er det ho som er i butikken og vi kjøpe ei T-skjorte som er både morsom og politisk – slik som ein revy gjerne skal vere. Her hugsar eg ikkje heilt poenget med den t-skjorta ho faktisk kjøpte, for eg var mest oppteken av å le av «Jeg bestilte en biff i Tyholttårnet, men det jeg fikk smakte som denne T-skjorten» (Om du drar til Trondheim: for all del, ikkje sats på eit betre måltid i Tyholttårnet. Det smaker dritt, evt stygg, gul t-skjorte).
Foto: Fotogjengen/foto.samfundet.no
Det beste nummeret (for meg som er litt over gjennomsnittet interessert i Melodi grand prix) var sjølvsagt Eurovision Song Crisis. Jostein Pedersen var hyra inn som kommentator, for Per Sundnes er jo ikkje noko kul. Granprixgeneralen introduserte kvar låt over kleine videosnuttar av artistane på velkjend vis. For meg kunne heile revyen ha vore ein forlenga versjon av dette nummeret, men det hadde kanskje blitt litt for mykje (for alle andre i alle fall). Sjølvsagt hadde Hellas ein ballade med stor flagrande kjole om at dei er føcka sjøl om dei var demokratiets vugge. Sjølvsagt hadde Spania ein klein trubadur som lesba på s-ane, om at ein ikkje kunne stemme på dei for dei har ikkje råd til å arrangere det neste år. Sjølvsagt hadde Tyskland eurodance på sitt beste (verste?) med låta Angela Ohlala, eit fyrverkeri av eit nummer! I got a vision – a euro vision!
Dette er vel nummeret som har ein størst politisk kommentar. Også passar det godt til gjennomgangstema – Verdens beste fest. Men kva gjer vi når vi går tom for sjampis? Ender vi opp som i Hellas her i Norge òg? Ukerevyen visar ingen løysning for framtida, det er vel heller ei feiring av at vi har det så jævlig bra no, og det må vi jo få lov til å nyte!
Foto: Fotogjengen/foto.samfundet.no
Den einaste svakheten revyen har er at avslutningspoenga til enkelte nummer sviktar litt, men det går i grunnen bra, for resten av tekstane er velskrevne og fulle av satire, ironi og gode kommentarar på rekke og rad.
Ukerevyen er vel per definisjon ein amatørrevy, men eg har i alle fall ikkje sett ein meir profesjonell revy enn dette!
Og til slutt: ein klein selfie av meg sjølv foran Samfundet.
Revysjef: Ane-Kristine Finbråten – Regi: Sivert Ericson Aarnes og Thomas Andersen – Forfatterkollegieleder: Eivind Vrålstad – Scenografi: Aurora Schønfeldt Larsen, Preben smestad – Kostyme: Mats Skjærvesland Vium, Marthe Sofie Øhra – Aktørar: Aleksander Roness, Anders Syvertsen, Andreas Aass Engstrøm, Ann-Kristin Solberg Skorild, Ingerid Snartum, Line Figenschou, Line Mærlie, Marit Lauritzen, Nicklas Eriksson, Ole Leirvik.
– Ingrid.
1 svar til “Verdas beste revy!”
Vart rørt av studentvisa. Sjølv om Nidelven er sær-trondheimsk, så kjende eg meg absolutt att i beskrivinga av livet – trass at eg er bergensstudent. Visar at dei klarar å både gjere det lokalt, men samtidig universelt nok til å vere interessant utanfor bobla. Det har iallfall vore eit problem eg har hatt med andre studentrevyar.