Vårt METEOR 2017

Her kjem ei oppsummering av framsyningane vi fekk med oss under årets festival.

Complete Works: Table Top Shakespeare av Forced Entertainment

Ein fantastisk moglegheit til å bli betre kjend med dei ukjende stykka til Shakespeare. Men Ingrid såg berre Taming of the Shrew og A Midsummer Nights Dream. Og ho har jo sett 10 things I hate about you  og den filmen med Kenneth Branagh ca. tusen gongar, så det var jo ikkje så smart. Ragnhild var derimot smartare og fekk med seg både kongedrama (Henry V) og gresk tragedie (Timon of Athens). Favorittane vart likevel Macbeth, Twelfth Night og Much Ado About Nothing.

Neste gong vil vi invitere Forced Entertainment heim i stova vår. Dei kan eigentleg få lov til å vere der heile tida, for dei er så kule.

HG5_1153Foto: Forced Entertainment

Aurora av Alessandro Sciarroni

Vi let oss engasjere!

Programteksten til denne framsyninga appellerte ikkje noko særleg for Ingrid. Er det lov å vere så konvensjonell i 2017 og seie at om ein vil sjå sport, så går ein på ein sportsarena og om ein vil sjå teater så oppsøker ein ein scene? Det er jo i grunnen ikkje meir enn goalball.

Men denne framsyninga viser atter ein gong kvifor det sjeldan er noko poeng i å lese programteksten først. For dette er så mykje meir enn berre goalball! Det er lys. Det er musikk. Det er mellommenneskeleg. Det er kjensler.

Dette er noko for kulturministeren!

19238213_432368300457877_5210483577120413325_o

Return of the Salon av Burrows & Fargion

Triveleg. Fine portrett av bergenskunstnarar. Tim Etchells var rosinen i pølsa.

Føniks 4 av Finn Iunker

Triveleg. Men forstår framleis ikkje kvifor folk gidd spele sjakk.

Vive la Phrance av Spreafico Eckly

Lanserer ein slags teori om at scenekunst består av tre komponentar: rommet, publikum og sjølve framsyninga. Rommet kan vere åpent og lukka, og publikum kan vere passive eller deltakande, framsyninga kan vere improvisert eller planlagt. Med desse seks variantane er det uante moglegheiter for korleis ein kan bygge ei framsyning.

I tillegg er det ein folkeleg atmosfære, ved at publikum sitt rundt bord, baren er åpen og ein kan gjere litt som ein vil; lese i noteheftet, følge med på dansen/matlaginga/pianospelinga/utstemminga eller teikne ei ku.

Kult å sjå lokale og velrennomerte internasjonale aktørar i skjønn foreining. Ingrid likte den veldig godt, Ragnhild likte den ganske godt.

spreafico-eckly_u

Come as You Are av Verk Produksjoner

Nachspielteater. Ikkje på den måten at dette er noko som sikkert er artig å sjå på nachspiel. Men dette er sikkert noko som vart laga på eit nachspiel. Ja, vi forsto at framsyninga ikkje skulle handle om noko. Men den må jo gi oss noko fordi.

Dei kan betre, og det veit dei nok.

The Solo og The Band Night av Jacob Wren

Vi likar konseptet.

Plast-iiiK! av Ingvild Holm

Nei.

Private: wear a mask when you talk to me av Alexandra Bachzetsis

Heilt OK.

Jinx 103 av Trefeli & Varga

Sjarmerande!

Radio B-town av Tormod Carlsen

Landskapsspekulering. Tableau vivant.

Startar som eit visuelt radioshow, kor ein høyrer på intervju, dikt og musikk medan ein spekulerer over det urbane landskapet. Endar opp ei ein massesuggerande … something…

I Dale var landskapet fascinasjonen, korleis fjellet og fjorden endra uttrykk med lyset. I Bergen er bilane, syklane, barnevognene, joggarane fascinasjonen. Kven er dei og kvar skal dei?

21741184_911334935680408_2250284623900125536_oFoto: David Zadig (frå Radio Fjellom)

Unwanted av Dorothée Munyaneza

Sånne tunge tema (her: resultat av valdtektar i samband med folkemord) er vanskelig, altså. Det er som om den kyniske delen av hjernen tek heilt over og berre klagar på estetikken. Men denne gongen var det balansert ganske bra, i hovudsak fordi forteljinga va nøktern og dokumentarisk. Kjenslene kom til uttrykk i musikken, som til tider var sjukt sterk (dyktige aktørar!). Men nokre av knirke- og ulydane kunne vi ha spart oss for.

Leap of Faith av Happy Gorilla Dance Company

Ein veit liksom aldri kva ein kan forvente av Happy Gorilla, og det på den bra måten. Tidlegare har vi gått frå å hate ei framsyning, til å elske eit anna konsept dei har gjort.

Denne framsyninga er rein i uttrykket, og det er heldigvis ikkje for mykje rot som skjer, noko dei har hatt tendensar til tidlegare. Ein rørleg installasjon med treverk som heng i taug. Teglstein som byggast og rivast. Gipsavstøypingar av hender, føter og ansikt som blir hengt opp. Kloke ord som projekteres (det likte ikkje Ragnhild). Om og om og om igjen. Rutinearbeid. Kva gjer dei og kva er målet deira? Og ein går ut frå salen og spør seg sjølv, korleis speglar dette meg og mine rutiner?

Delvis vellukka.

happygFoto: Happy Gorilla DC

Thea Hjelmeland performance av Thea Hjelmeland

Sjarmerande påfunn av dyktig musikar. Utruleg fint da Thea spelte av ein låt medan ho såg publikum lytte (spel heile neste gong!).

NEW SKIN av Becker/Langgård

Vakkert. Vakkert. Vakkert.

Kanskje ikkje heilt perfekt dramaturgisk, men partiet i midten med det fantastiske lyset slo oss i bakken. Det er sjeldan vi tykkjer ei framsyning er for kort, gi oss meir takk. Dette landa som årets meteorfavoritt!

RET_IMG_5150_NewSkin_iEggen_WebfilFoto: Ingrid Eggan

White Beauty av Mellanmjölk Productions

2008 ringte og ville ha scenekunsten sin attende.

– Ingrid og Ragnhild

 

// ymse mjøl i posen // Ragnhild har inntil nylig jobba på BIT Teatergarasjen og Ingrid har fått nokre av billettane akreditert.

Tags: , , ,