I nokre dagar no har eg nynna på Vivaldi sitt meisterverk om dei fire årstidane. For førre veke tok eg turen til Fana kulturhus for å sjå Hordaland teater si nyaste oppsetting med same tittel: Dei fire årstidene. Ei forestilling dei sjølv vil spele for fleire typar målgrupper og alder; den meditative musikken som spelast gjennom heile framsyninga er noko alle kan drøyme seg bort i.
Åtvaring! Digresjon kjem her: Eg er alltid mest glad i sommaren, så når våren kryp innpå oss blir eg mange prosent gladare. Eg går heller barfot enn med tre lag ullsokker, heller blaut i håret av saltvatn enn av regn. Også har eg aldri skjønt dei som synast hausten er den beste årstida, fordi det liksom skal vere så frisk luft og fine fargar, men for meg betyr hausten ein ting: no bli det vinter snart. Mørkt og slapsete og surt og utrivelig (med mindre ein bur på stadar Røros kor det faktisk blir ordentleg vinter med jevn kald temperatur og snø), i alle fall i Bergen. Bergen er frykteleg dårleg på vinter. Bjørnson valgte april – eg velgar juli!
Dei fire årstidene minnar om Hordaland teaters tidlegare forestilling Heksestreker i form. Med skuggespel, marionetter og ein kosleg stemning. Det er scenografien, skuggane og dukkane som får seie sitt her, orda leggast igjen utanfor salen. Paraplyar brukast som lerrett og skuggespel, dei lysast opp i fleire fargar og gjer scena brått frå hauststorm til vinterlandskap. Forestillinga følast litt upresis og uferdig, men kanskje dette er spelestilen og uttrykket dei ønskar å oppnå. Men eg er eit kristisk publikum, så da er det greitt at salen er fullbakka av små mennesker i refleksvester som ikkje er så høflege som oss vaksne som sitt pent og pynteleg og ser på. Dei ropar «ååååhhh» og «aaaahhh» når årstidane skiftar og noko så daglegdags som Edderkopp! og Snømann! er imponerande nok.
Dei fire årstidene:
Musikk – Antonio Vivaldi, ide, konsept og scenografi -Trond Birkedal og Ljudmil Nikolo, regi – Trond Birkedal, rekvisittar og kostyme – Britt Koldal, tekniske løysingar – Kristian Børve, på scena – Ljudmil Nikolo og Kristian Børve, produksjonsteknisk personell – Fabian den Otter og Susanna Happonen, foto: Tor Erik H. Mathiesen.
-Ingrid.