Frontlosjen har sett barneframsyninga Vaffelhjarte på Den Nationale Scene. Sidan vi ikkje er rett målgruppe er det ikkje heilt rettferdig med ein omtale frå oss, derfor spurte vi heller ungane vi møtte der kva dei meinte om framsyninga.
Adrian, 5 1/2 år:
– Filmen på barne-TV var morosamare. Mamma seier at eg skal få lov til å sjå Star Wars når eg blir seks år 17. november. Da skal eg få vere oppe så lenge eg vil.
Mia, 7 år:
– Alt godteriet eg fekk ete var det beste! Og sauen var veldig søt. Men eg skjønte ikkje kvifor Trille og Lena gikk rundt i pyjamas heile tida.
Carina, 13 år:
– Eg vart tatt med hit ufrivillig av mormora mi som trudde dette skulle vere noko for meg. Eg er ikkje akkurat 7 år lenger. Og kven trur på den feike brannen lissom? Men han som spelte faren til Trille var hot, da.
Jostein Leander, 6 år:
Det var litt skummelt. I alle fall med bålet dei tente, enn om heile teatret hadde starta å brenne? Men eg fekk refleks! Eg har lært meg å sykle utan støttehjul no.
Vaffelhjarte: