A: Andy Warhol er kul. Eg er litt meir usikker på Valerie Solanas.
B: Bæsj er det første ordet ein kjem på på B. Uansett.
C: Ca. så mange ting får du sett på scena om du tek turen til Østre (i tilfeldig rekkefølge): makuleringsmaskin, skrivemaskin, laken, strømpebukse, kost, kasett, fyrstikkar. Kanskje nokre fleire og, men eg kan jo ikkje avsløre alt heller.
D: Dagens outfit (eg er jo trass alt sjølvsentrert rosablogger):
E: Eg trur ikkje eg hadde sett særleg bra ut med strømpebukse på hovudet.
F: Feminisme og sånnt.
G: Glad! Eg er glad for at teaterhausten er i gang, og at den starta med ei positiv oppleving.
H: «Heldigvis er det ikkje skotpremie på dårleg kunst». Nei, ikkje misforstå meg, eg syntast absolutt ikkje Stridslek var dårleg. Det var berre noko eg lærte frå denne forestillinga.
I: Idun Vik og Silje Silden er ein god match på scena.
J: «Ja, fortel meir om far din. Du fortel så godt». Valerie Solanas hadde ikkje eit godt forhold til far sin.
K: Korleis skal ein ta hand om ein person som er i ferd med å døy? Eg er glad eg ikkje skal sitte og passe på ein person som skal døy kvart augenblink. Halde ho i handa og stryke ho over panna. Håpar eg i alle fall. Eg trur eg heller vil ha ein kort og brå død, enn ein lang og pinsam. Men eigentleg har eg ikkje så lyst til å tenke på dette akkurat no.
L: Liggande bileter egnar seg best i bloggeformat. Det skal eg seie til fotografen neste gong.
M: Medealand er ei anna bok av Sara Stridsberg. Den sett DNS opp i september. Stridsberg er tydelegvis ein kul forfattar ein burde ha lest.
N: Nachspiel er noko vi burde gå på oftare, det konkluderte vi i Frontlosjen med etter at vi prata med Sara på onsdag. Det er tydelegvis slik ein får noko til å skje her i livet. Dessverre hadde vi heilt sikkert sovna før vi hadde fått rørt konjakk-glaset. Derfor er det fint at andre drar på nachspiel, slik at kulturbyen Bergen blir enda meir mangfoldig.
O: Off off off Broadway. Eller Off off off DNS? Eg trur det er det vi kan kalle det lovande teaterkompaniet, Teateretaten, for.
P: Perkusjon kan vere så mangt. Alt frå ein bok, til ei fyrstikkeske, til ei skrivemaskin.
Q: Q er ein vanskeleg bokstav å bruke til noko fornuftig. Bortsett frå Quickstep, Quebec, Queen. Heilt meiningslaust, i alle fall på norsk. Eg veit ikkje kor Q er på tastaturet ein gong.
R: Regimessig er forestillinga litt naiv, men samstundes skråsikker i sin sak. Vanskeleg å beskrive, betre å sjå det.
S: Strindberg er ikkje den same som Stridsberg. Da hadde jo forestillinga heitt Strindlek. Kanskje vi får sjå det neste gong?
T: Teateretaten. Her skulle eg skrive noko lurt om Teateretaten. Eg kjem ikkje på noko anna enn at dei er flinke. Dei lagar både tankefullt og morsomt teater.
U: Underlig nok er denne lista inspirert av forestillinga som er inspirert av/fritt etter/basert på Drømmefakultetet av Sara Stridsberg
V: Valerie Solanas må ha vore eit forstyrra menneske. Eller er det berre eg som er alt for kjedelig?
W: WTF? Enda ein udugeleg bokstav i alfabetet? Eg får heller legge til eit wagnersk bilete av meg sjølv, kor eg verken snakkar i walkietalkie eller et waleskringle. Men det er stor WOW-faktor her.
X: X-faktor. På denne bokstaven kan du skrive kva du vil: SCUM manifest (Society for Cutting Up Men).
Y: Yess! No skjønar eg at eg heller burde har skrive noko om Warhol på «W». For seint no.
Z: «Zwinglianar m1 (utt svinglia´nar) tilhengjar av den sveitsiske reformatoren Ulrich Zwingli (1484–1531)» (Nyrnorsk ordbok 2014). Det var det særs lite om i denne forestillinga. Sjølv om det kan freiste veldig å lære seg meire om zwinglianarar, så synast eg du skal sitte heime og lære deg meir om det ein annan gong. Stridslek går siste gongen i kveld, skjønar du, kl 18.00 og 20.00. Zwinglianar-læren går sikkert ikkje ut på dato med det første, du har tid til å vente på det.
Æ: Æ væt itj æ. Bør eg ha med dei siste tre bokstavane i denne lista? Burde den vere av internasjonal karakter? I så fall burde eg i alle fall ikkje skrive på dialekt. Eller nynorsk. På ængelsk da veintle?
Ø: Østre er ein bra plass for teater. Derfor skulle eg ha med dei siste bokstavane i alfabetet»
Å: Ånei, kan eg ikkje ta med ein ting til på D i staden? OK, D: Dramaturgien tok litt tid å sette seg inn i, men når ein først vart vant til mønsteret og forestillingsverda, så var det veldig behagelig. Uforutsigbart og forutsigbart på samme tid. Du skjønar kanskje by now at du har planen klar for fredagskvelden?
– Ingrid