Breaking news: Frontlosjen er ganske einige med Landro når det gjeld Pearl of Scandinavia.
Men det er ikkje berre det vi skal snakke om no, vi vil heller fundere litt over behovet for å behandle store, vanskelege og viktige tema som terrorisme i teateret (sånn som nettopp Pearl of Scanidinavia gjer).
Alle er vel einige om at teatert og kunsten kan – og skal – vere ein viktig samfunnsaktør. Men bør det vere til ein kvar pris? Frontlosjen vil gjerne unngå «tomme» framsyningar som kastar seg på store temabølgjer utan å heilt ha tenkt seg om – men det ser ut til å gå ei fin linje mellom kva som fungerer og ikkje. Når blir ei framsyning stempla som «sårt og viktig om rasisme» og når omtalar vi ho som «klisjefylt og påtatt»? Det er lett å bli for ivrig, og kanskje lesse på med alt for mykje om alt for mykje. På den andre sida har vi sett ein del teater som ikkje tek i nok, slik at produktet berre blir kjedeleg og intetsigande.
Derfor har vi bestemt oss for å lage ei habil sjekkliste med spørsmål ein kan stille seg sjølv når ein skal vere med å skape framsyningar som tek opp dei store temaa.
DEN STORE STORE TEMA-TESTEN
1. Har du tenkt deg om?
Ja.
Nei.
Veit ikkje.
2. Har du funne ei vinkling som gjer ditt prosjekt unikt?
Ja.
Ja, masse pyroeffektar. Blir ny rekord.
Nei.
Veit ikkje.
3. Tilfører framsyninga ny kunnskap/nye aspekt til debatten?
Ja, så klart.
Nei, emnet er viktig nok i seg sjølv.
Nei, men ho stiller dei eksisterande argumenta opp mot kvarandre på ein veldig avslørande måte.
Veit ikkje.
4. Tek du tak i fleire store spørsmål på ein gong?
Ja, det er alltid viktig å ha med noko om rasisme og global oppvarming.
Tja, fokuset mitt eigentleg på mellommennesklege relasjonar, og korleis dette blir påverka av overordna tema*
Nei, eg held meg til dette eine.
Veit ikkje.
5. Er du redd for å provosere?
Ja, det er viktig å tone ting ned så stampublikumet ikkje blir indignerte.
Det er viktig å legge seg ein stad i midten. Ingen av delane, altså.
Nei. Det er viktig å ikkje provosere berre for å provosere, men ein må likevel ta i litt for å få folk til å handle.
Nei, provokasjon er hovudmålet. Filleriste tilskodarane og tvinge dei til å ta eit standpunkt.
Veit ikkje.
6. Har framsyninga kunstnarisk kvalitet i seg sjølv, uavhengig av temaval?
Ja.
Ja, har fått ein kompis til å skrive manuset. Han er skikkeleg flink, burde ha vore poet.
Nei, temaet er så viktig at det vinn fram i seg sjølv gjennom rå ektheit.
Nei, men det er ein del av det kunstnariske konseptet. Alt går til helvete, liksom.
Veit ikkje.
Som med dei fleste vekebladtestar, burde det vere innlysande kva retning det går i når du tek testen. Men om du er usikker, eller vil ha ekstern ekspertuttaling, kan du gjerne sende inn svara til post (æt) frontlosjen.com.
Og for ordens skuld: Pearl of Scandinavia lukkes berre delvis med å bestå tema-testen, men har likevel fleire gode grep. Vi likar spesielt godt promovideoen, den kan du godt sjå.
Pearl of Scandinavia – Christopher Grøndahl: manus – Katinka Rydin Berge: regi – Even Børsum: scenografi og kostyme – Gull Øzger: koreografi – Solrun Iversen: dramaturg – Lars Vaular, Bjarne Kvinnsland: musikk – Anand Chetty: musikkprodusent – Pål Rønning, Hege Aga Edelsteen, Dar Salim: skuespillere – Thor Brødreskift: pressefoto.
– Ragnhild og Ingrid
1 svar til “Store tema: yey or ney?”
[…] og kanskje er det slik. Men eg er ikkje DNS-publikummarar flest, og vil – nok ein gong – syne til problematikken rundt store tema: Ver […]