Kategorier
Omtalar

Som skapt for Cornerteateret

Eingongsframsyningar krydrar kvardagen.

Teateråret er igang for fullt og eg har starta arbeidet for å oppnå årets nyttårsforsett. Heldigvis er det ein takksam jobb å sjå teater, og i går fekk eg med meg one night-visninga av Turistfelle på Cornerteateret. Prosjektet vart til under leiing av Fredrik Longva, som saman med sin produksjon har kome fram til eit produkt gjennom ein kort og intens prøveperiode.

Denne typen teater er som skapt for Cornerteateret – og Cornerteateret er som skapt for denne typen prosjekt. Her får unge scenekunstaktørar prøvd ut nye prosjekt utan å måtte jobbe knallhardt for å få tak i dyre visningslokale. Samstundes får bydelsteateret fyllt opp sine ledige periodar med korte, men interessante prosjekt.

Turistfelle foto Thor Moeller-13

Turistfelle foto Thor Moeller-12

Det mest interessante med Turistfelle (som for øvrig handla om noko ganske anna enn forventa) var eit scenisk konsept som synte oss ei ny side av Kongesalen: i starten vart vi tilskodarar invitert inn bakdøra til scenen som no var ein amfilaus blackbox. Høfleg oppstilt langs veggane vart vi publikummarar under ei storslått prisutdelig, men etter kvart vart det tydeleg at ein viktig aktør mangla: Kvar hadde det vorte av prisvinnaren?

Svaret befann seg bak sceneteppet som skjulte salen, og vi vart losa over i det velkjende amfiet til Kongesalen. Men denne kvelden var alle stolane fjerna og aktørane haldt seg unna den tradisjonelle frontale scena. Slik havna vi tilskodarar midt oppi ein leirbålsseanse i sydlegare strøk – denne gongen var det spelet som danna ramma rundt med oss i midten og innimellom. Denne løysinga var både kul og forfriskande, sjøl om tilløp til kink i nakken ødela litt for ein del av oss (eg er inga ugle).

Turistfelle foto Thor Moeller-21

Eg vil gjerne sjå mer av slike små produksjonar som leiker seg med konsept på Cornerteateret, og det er artig å sjå at gamle studentteatermedlemmar (dei var det mage av her) tek i bruk nye rammar. Og etter kvart som Longva tek med seg aktørane ut av dei trygge rammene til Immaturus, håpar eg likeeins at studentteaterpreget i stadig større grad forsvinn frå produktet.

– Ragnhild

 

Turistfelle – Konsept, visuelt og regi: Fredrik Longva – Dramaturg og regiassistent: Åste Marie Bjerke – Lyddesign: Henrik Skauge – Lys: Taran Johanne Neckelmann – Produsent: Tina Horrisland Engedal – Produksjonsassistent: Liv Kristina Midtseter Rognsvå – Skuespillere: Marie Brottemsmo, Ingerid Frang, Kaja Linder Henriksen, Marijana Barbu, Nina Vilde Hoff og Mikael Andreas Sandøy – Alle pressefoto: Thor Møller

Vist 23. januar 2015 på Cornerteateret