Soft på Logebesøk

Førre helg gjesta sjølvaste Sogn og Fjordane teater Logen i Bergen. Eg gjorde som fornuftige folk flest: tok med meg ein fjording og gjekk på teater.

Så vakker du er ei ei dramaisering av forteljinga til Brynjulf Jung Tjønn. Og det er ei god forteljing.

12669859_10153560202333922_523859975_o

Faren men slike ungdomshistorier som tek opp vanskelege tema, er at det fort blir belærande. det blir det ikkje her. Ein er glad og ulykkeleg på same tid, og det er greitt. Ingen treng forklare det, det er berre ein del av pakka. Og vi som sitt i salen får lov til å vere klar over det utan at nokon problematiserar. For sånn er det.

12633380_10153560202293922_1445435575_o

12630748_10153560202303922_1077662250_o

Både scenografi, musikk, speleprestasjonar og regi var god –  og framsyninga var vel verdt turen på ein laurdags føremiddag. Den lokale forfattaren gav òg høve til attkjenning for alle utflytta sogn og fjordingane i salen (noko eg vart gjort ettertrykkeleg merksam på av sidemannen). Høyrer og rykter om at Petter Winter eigentleg ikkje er sunnfjording – du lurte oss!

Vi «bergensarar» kan godt få besøk av Soft oftare.

– Ragnhild

Så vakker du er – Av: Brynjulf Jung Tjønn – Dramatisering og regi: Miriam Prestøy Lie – Musikk: Thea Hjelmeland – Scenografi og kostyme: Dagny Drage Kleiva – Vidodesign: Åsmund Bøe – Medverkande: Thea Hjelmeland, Idun Losnegård, Kyrre Eikås Ottersen, Petter Winther. Presseoto: Sogn og Fjordane teater/flickr.

 

/pressebillett/

Tags: ,