Når NONcompany inntek Cornerteateret ber det rett til skogs. Utan ord beskriv dei den kanadiske taigaen for oss, med videoopptak som formeleg får oss til å kjenne lukta av barskog.
Del to av KAZAKtrilogien er verkeleg vakker og poetisk, med imponerande teknisk presisjon i møtet mellom video, aktørar, ljos og musikk. Der del ein var full av snakk og informasjon, er denne framsyninga bortimot nonverbal, noko den kler godt. Eg likar bruken av juletre (som òg gjer at vi faktisk kjenner lukta av barskog), eit fint bilete på skogsdrift. Sluttablået var òg veldig kult, og utan å avsløre for mykje vil eg likevel nemne at mine assosiasjonar gjekk i retning Hobbiten:
Eg sakna noko av den djubden eg forventa meg i høve til spørsmåla rundt tilhøyre og ulike perspektiv – det kunne vi godt ha sett meir av. Anbefalar like fullt alle i Bergen å nytte søndagen sin på denne, og eg er alt spent på fortsettinga.
KAZAK:kazak – Av og med: Lise Risom Olsen, Lena Lundsten Buchacz, Morten Pettersen, Oyvind B. Lyse, Hans Skogen – Film: Tommy Naess og NONcompany
Speles på Cornerteateret søndag kl. 19.00 – Teaterhuset Avant Garden 13. – 14. mars kl. 19.00
– Ragnhild