Sitte i sola med saga i handa og trampe takta til fiolinen

Simon Mayers framsyningar Sons of Sissy og SunBengSitting gikk på BIT Teatergarasjen førre veke. Forestillinger med innhald av folkemusikk, folkedrakter, motorsag og øks, folkedans, solbenker (sunbeng) og nakne mannfolk … altså ting eg kan relatere meg til.

Folkemusikk har eg jo høyrd på i ungdomen, både Gåte og Valkyrien allstars var favorittar i si tid. Folkemusikk kan eg relatere meg til.

Folkedrakt tar eg på meg innimellom, minst ein gong i året. Folkedrakter kan eg relatere meg til.

225137_10150622738015657_797815656_18902856_3154137_n

Motorsag har eg sett andre bruke for å felle tre. Men ein gong brukte eg øks og sag for å fjerne ei stor rot som stod i veien. Motorsag og øks kan eg relatere meg til.

rotmo

Folkedans opptok deler av barndomen min, eg var jo sjølvsagt med i leikarring. No for tida er folkedans mest bunadsboogie på nasjonaldagen. Folkedans kan eg relatere meg til.

224254_10150599383460597_733495596_18511709_1673706_n

Solbenker sitt eg gjerne på, helst intil solveggen, med ein øl i handa. Det må vere ein av mine topp ti aktiviteter å gjere. For å få den mest autentiske opplevinga av SunBengSitting varma eg opp til forestillinga med ein øl i sola. Solbenker kan eg relatere meg til.

#SunBengSitting

Et bilde publisert av Frontlosjen (@frontlosjen)

Nakne mannfolk er det ikkje mange av i livet mitt, men eg er jo ei vaksen kvinne som er gift med ein mann. Nakne mannfolk kan eg relatere meg til.

– Ingrid

Tags: ,