Seg sjølv nok

Takk og lov at FiB diskar opp med skoleframsyningar for oss arbeidsjern som jobbar kveld. Det gav meg høve til å sjå Rogaland teaters Peer Gynt, og det er eg glad for.

Det seier deg sjølv at ei framsyning som har byrja konfettidrysset alt før eg kjem inn i salen, må bli bra. Grøne flak dala ned i ein boks av finerplater, og landa på bukkeskinn og fargerike parykkar. Med unntak av nokre få rekvisittar, var nettopp konfetti og finér det einaste scenografien besto av, og det var greitt. For med fargerike grilldressar og leopardmønstra kåper, ville andre omgivnader ha vorte alt for mykje.

Eg likte den teatrale utsjånaden til aktørane, med parykkar og grov, karikert sminke. Peer var omtrent den einaste som såg normal ut. I byrjinga tenkte eg at det gav eit ”uheldig” inntykk  av han som nasjonalromantisk helt, men etter kvart fekk eg snarare kjensla av at vi såg alle karakterane frå Peers perspektiv – merkelege forvrengte. Replikkane som opphavleg tilhøyrer Bøygen var dessutan lagt til hovudpersonens munn, noko som resulterte i ein vellukka indre kamp. Også Den fremmede pasasjer, Knappestøperen og Fanden var slått saman til ein skapning i turkis dress, ein følgjekarakter som fungerte berre delvis godt – spesielt når det bestialske hjå knappestøyparen synte seg. I tillegg til replikksamanslåingar, var teksten som låg til grunn sterkt kutta ned. Det gjekk greitt, men eg må nesten legge til at eg kjenner verket godt frå før.

Peer Gynt er eit stykke eg har sett utruleg mange gongar. Men eg har støtt sett den tilnærma same oppsettinga, nemleg spektaklet ved Gålå-vatnet. Det er godt dei gongane eg får servert ei ny iscenesetting, men eg samanliknar støtt med den nasjonalromantiske utandørsframsyninga. Og eg har aldri sett ein grønkledd som ikkje ber med seg litt av Mari Maurstad si legendariske rolletolking – og denne oppsettinga er ikkje eit unnatak. Men eit grep som verkeleg ikkje bar fnugg av korkje Maurstad eller nasjonalromantikk, var Rogaland teaters Anitra. Alt for ung, og litt redd snarare enn sjølvsikker og forførande. Wow.

Mor Aase var ein mann. Det var korkje komisk, feil eller tankevekkande. Det berre passa. Og sjølv om mor hadde skjegg og alt for mykje pudder, gråt eg da den slitne kona døydde før kaffivatnet rakk koke opp. Og sjølv etter sin død, satt ho i utkanten og passa på den håplause sonen sin – ja for det var jo ingen veg ut frå boksen som vart dekt av stadig meir konfetti. Sjølvklart. Offstage er såå 2009.

Eg fekk òg ein klump i halsen under Prestens tale, som vart framført heilt utan effektmakeri. Dei fleste aktørane spelte fleire rollar, og dei gjorde alle ein jamt over god jobb. Grevlinghovud og heimbrentdunk trakk òg opp, og så fekk vi sjølvklart servert eit par dryge sexscener og ulike ekskrement, utan at framsyninga oppnådde Vinge/Müller-tilstandar av den grunn. I det heile: Eg satt kanskje ikkje att med bakoversveis, med dette var eit godt stykke teatermagi. Rogaland teater har skapt ein sjølvstendig Peer som er seg sjølv nok. Det er bra.

Dramatiker: Henrik Ibsen – Regi: Kjersti Horn – Scenografi og kostymedesigner: Katja Frederiksen – Dramaturg: Njål Helge Mjøs – Lysdesign: Chrisander Brun – Lyddesign: Erik Hedin – Maskør: Helena Andersson – Aktørar: Glenn André Kaada, Nina Ellen Ødegård, Lars Funderud Johannessen, Svein Harry Schöttker Hauge, Ragnhild Arnestad Mønness, Mareike Wang, Gretelill Tangen, Mette Arnstad, Anders Dale, Svein Solenes, Mariam Idriss, Amir Hashani.

Alle foto: Emilie Ashley

– Ragnhild

Tags: , ,