Og vi er nyforelska.
Det er faktisk ganske digg å forstå det meste som skjer på ei tysk scene for ein gongs skuld. Ikkje at vi ikkje sett pris på dei andre dramaturgiske elementa utanom teksten, men de veit. Romeo und Julia på Shaubuhne i Lars Eidingers regi er teater slik vi likar det på alle måtar!
Endeleg trudde vi på at Romeo og Julia vart dritforelska i kvarandre og endeleg skjønte vi korfor dei må ha kvarandre. Og kven kan vel motstå Romeo når han er så sjarmerande? I alle fall ikkje Julia der ho sitt i køyesenga på fjortissoverommet sitt og høyrer på ein full jypling kome med sin tirade av lovesongs. All you need is love! I will always love you! Can you feel the love tonight? Vi vart i alle fall solgt.
Kostymer med prestekrager og strømpebukser med dobbeltsøm i rumpa. Teatral bruk av teaterblod på spruteflasker. Speleplassen er ein klassisk scene med prosceniumsbue i finerplate og eit gult sceneteppe. Ved begge sidane kan vi sjå off stage, speglar med lyspærer rundt, kostymører som fikser syr og ordner, skodespelarar som røyker og varmar opp.
Og alt passa liksom så godt saman. Trashestetikken passa med kjærleiken. Skodespelarane passa til spelestilen. Kostymane passa til handlinga. Humoren passa med teksten. Når verdas mest spelte kjærleikshistorie blir satt opp for ørtitusande gong er naturleg at presten er ein metalfyr som er konstant full, amma er ein mann blond parykk og mora til Julia er kledd som ei hore. Endeleg nokon som tør å leike med klisjeane og konvensjonane! Og når ein kjenar stykket godt, så kan ein til og med le av tyske ordspel!
Den beste beskrivelsa av forestillinga er trashy og glam. Trashestetikken kor alle var berusa og høge heile tida gjorde det veldig troverdig, fordi ein med estetikken fekk ein distanse til det stoffet ein kjennar så godt. Dette var trash-glam-teater som leika med alt. Ingen ting var hellig, ikkje ein gong dødsscenane slapp unna. Ein kan kanskje argumetere for at ein dermed mistar noko av det fine alvoret i stykket, men samtidig gjorde det at stykket ikkje falt attende i klisjear, det måtte vere slik. Og vi digga det.
Heime i Noreg tek vi oss ofte i å lure på korfor vil likar regiteater, og blir svar skuldige. Det er derfor det er viktig å reise til Tyskland av og til, for å forelske oss på ny. No har vi kjærleikssorg, og håpar det ikkje blir for lenge til neste gong ein fiktiv karakter kjem og stjel hjarta våre.
– Ingrid und Ragnhild
Alle foto: Arno Declair