Roadtrip med Carte Blanche

Carte Blanche nyaste forestilling Jerada er litt som ein lang biltur. Eller road trip som vi kallar det no til dags. Det startar med at ein spelar alle favorittsangene ein kan synge høgt til, helst fleirstemt. I eit par augenblink er stemninga like awesome som i carpool karaoke. Ein har masse godteri å ete på og stemningen er generelt høg. Så blir ein brått lei av å lage andrestemmer til rockens historie, det er tomt for godteri og ein er kvalm og lei og stemninga daler. Og det einaste ein tenker er: er vi framme snart? Er dette det beste norsk samtidsdans kan by på? Eller er det berre eg som ikkje skjønar meg på samtidsdans? Er Carte Blanche på villspor? Har ein kanskje med seg unger så er det garantert nokon som seier det høgt.

Heile vegen fram i berre fyrste gir.. #roadtrip #ingridogandreas #lom

Et innlegg delt av Ragnhild Gjefsen (@cozy_rosey)

Litt sånn er Jerada, berre i motsatt rekkefølge. Det startar med det kjedelige, med det gjentakande og uendelige landskapet som beveger seg forbi i hurtig tempo, kor dansarane snurrar rundt og rundt, fortare og fortare. Er det slik det skal vere resten av turen, er vi framme snart? Men så tar ein fram godteposten, setter på musikken og alt blir så mykje betre. Forestillinga beveger seg bokstavleg talt i eit større tempo, dei hopper og snurrer og kaster fullt av klede rundt seg. Energien er på topp og plutseleg er ein framme og i nokre sekund har ein gløymt at bilturen for det meste var ganske lang og kjedelig.

Vidare lesning: Slik forstår du deg på samtidsdans.

 

<3 #ingridogandreas

Et innlegg delt av Luna (@luna_pistasj)

Tags: ,