Når ein skriv omtalar av teaterframsyningar, er det ein poeng å gå grundig til verks. Ein skal peike på konkrete ting som fungerte, og ikkje minst alt det som kunne ha vore betre. Da sikrar ein seriøsitet. Heldigvis er vi ein rosablogg, og kan skryte uhemma.

For vi var på Bodenprobe Kasachstan i går. Forventningane var skyhøge, men vi kosa oss akkurat like mykje som vi hadde håpa på. Vi starta stilfullt med raudvin i glaset og intellektuell samtale med andre teatervitskapsstudentar, før vi spent sette oss på fyrste rad og tok inn spelelandskapet framfor oss.
Scenografien var enkel: gummimatter som ser ut som ein blanding av asfalt og jord i tilsynelatande tilfeldige haugar på golvet passar godt til tematikken, etter kvart får vi sjå at scenografien gøymer rekvisittar aktørane nyttar utover framsyninga. Ein ergometersykkel synar alt frå starten, samt eit stort lerret bak som visar film og bilete. Scenografien spel ein viktig rolle for å gjere forteljinga spanande – interaksjonen mellom filmane og aktørane på scena er både informativ og kunstnarisk. Til dømes når den eldste av dei syklar på ergometersykkelen, og vi blir vist ein film frå ein veg slik at det ser ut som han er på sykkeltur i Kasakhstan. Scenografien er med og driv historia framover i like stor grad som aktørane – vi likar likestilling av virkemiddel, særleg når det fungerer så godt som det gjer her.

Grunnen til at det verkeleg fungerer når Rimini Protokoll lagar dokuteater om Kasakhstan, er den fantastiske bruken av ekspertar på eigne liv. Gjennom ein variasjon av rein forteljing, song og videoopptak får vi eit innblikk i oppveksten og arbeidskvardagen til fem vanlege menneske med tilkyting til landet. No veit vi kor lang tid det tek å drille heilt ned til oljen, men også korleis dei ulike aktørane kom seg til Tyskland. Og så har vi ikkje minst fått innblikk i små draumar og anekdotar frå livet deira, og fått demonstrert alt frå bar-dansing og astronauttrening.
Det er utruleg lett å fatte interesse for eit land kor det vart oppdaga store mengder olje på 1990-talet, eit land der den sittande presidenten fekk 95% av stemmene. Alt vi treng er ein oljetankbilsjåfør, ein solcellemarknadsførar, ein oljeingeniør, ein flyselskapsmedarbeidar som har mista jobben, og ein bardansar frå Tadsjikistan. Saman gjenskaper dei eit Kasakhstan det er lett å bli glad i –historieforteljarane sjarmerte oss i senk frå fyrste stund.
Det hjelp også å høyre litt tysk på scena att – no forstår til og med Ingrid ganske mykje – og ikkje minst få tilbydt ein liten vodkashot undervegs. Vi likar det når servering er ein del av teatereventen.
Rimini Protokoll har det framleis. Varmt, rørande, artig og interessant – rett og slett eit stykke teatermagi.

Av Stefan Kaegi (Rimini Protokoll) – Med Elena Panibratowa, Gerd Baumann, Heinrich Wiebe, Helene Simkin, Nurlan Dussali – Og utruleg mange andre designarar og tekninkarar.
– Ragnhild og Ingrid
2 svar til “Rimini, wir haben euch lieb!”
[…] byrjinga av semesteret nemnte vi kva framsyningar vi såg fram til i BIT-våren. Ein av dei, Rimini Protokoll, innfridde så til dei gradar, medan rituelle heklafitter viste seg å ikkje vere vår greie. Så […]
[…] motefenomen har det klart å snike seg innpå oss. I starten var det triveleg, med augekontakt og gratis vodka til alle på fyrste rad. Det er jo fint. Men før ein veit ordet av det har ein vorte henta opp på […]