Kategorier
Omtalar

Poc poc?

Ingrid har sett «Germinal» på BIT. Det var tilsynelatande blott til lyst og lite forvirrande.

Etter å ha sett Germinal på fredag, lærte eg at ein kan skille mellom to ting her i verda. Ting som seier «poc poc» (når ein slår ein mikrofon mot det) og ting som ikkje seier «poc poc» (når ein slår ein mikrofon mot det). La meg demonstrere med døme frå forestillinga (demonstrert med ting i eigen heim ved frukosttider ein søndag): Ein vegg.  Seier «poc poc».

DSC02515

Eit hol (demonstrert med eit gjesp). Seier ikkje «poc poc».

DSC02524

The joy of being together» (her demonstrert med meg og ein katt): «ikkje poc poc». Det går jo ikkje an å ta på det, så det seier altså ikkje «poc poc». Slik som med holet.

DSC02538

Mjuke gardiner (her demonstrert som ein katt): Seier verken «poc poc» eller «ikkje poc poc». Den seier «frrr frrr» (både når ein tar på den og lyden den lagar forsåvidt). Jokerkategori. Den lagar lyd, men seier ikkje «poc poc». Er begge delar.

DSC02506

Så såg eg meg om i min eigen heim. Kva ting lagar lyden «poc poc» og «ikkje poc poc» hjå meg? Kartet på veggen: seier «poc poc». Eller er det veggen under som seier «poc poc»?

DSC02512

Halvvisne blomer i vindauget: Seier «frrr frrr». Ein joker det og altså. Akkurat som katten (gardina). Betyr det at blomer og katt er det same?

DSC02511

Tekoppen: Seier «poc poc». Sjølve teen: Seier verken «poc poc», «ikkje poc poc» eller «frrr frrr». Må det ein ny kategori til? «Pluhpp pluhpp» (om eg skal seie det slik som Ragnhild ville sagt det). No byrjar eg å bli forvirra.

DSC02533

Radioen: Sjølve radioen seier «poc poc». Men lyden som kjem ut frå radioen seier ikkje «poc poc». Den seier mykje anna rart. Til dømes «fra en radio strømmer gamle melodier» eller «knulledokke» eller «dette er NRK nyheter klokken er fjorten». Men kva om nokon i radioen seier «poc poc». Seier lyden i radioen da likevel «poc poc»? Eller høyrar det fortsatt til kategorien «ikkje poc poc»? No er eg i alle fall forvirra.

DSC02520

Treng ein pause no. Pause seier berre «Frrr frrr». I dobbel forstand.

DSC02553

Eg trur eg skal slutte å tenkte på forestillinger på søndag formiddagar frå no av. Eg blir berre forvirra av alle paradoksa og filosoferinga. Eg trur eg held meg til det eg tenkte under og umiddelbart etter forestillinga frå no av. Germinal var i det tilfelle mest blott til lyst, meir «what you see is what you get».Sjølv om eg undervegs eigentleg satt og tenkte på at det sikkert betyr noko meir underliggande som eg ikkje gadd å tenke på da. Ånei, no blir eg forvirra att. Eg er glad eg ikkje studerer filosofi.

Men eg likte forestillinga altså, og den handlar om andre ting enn «poc poc», «ikkje poc poc» og «frrr frrr».

Forvirra Ingrid: Seier «poc poc wtf?»

DSC02517

– Ingrid

Germinal:

Konsept:  Halory Goerger & Antoine Defoort – Medverkande: Arnaud Boulogne, Ondine Cloez, Antoine Defoort, Halory Goerger – Teknisk ansvareg: Maël Teillant Lyd: Robin Mignot – Lys: Sébastien Beausseron-  Lyskonsulent: Annie Leuridan – Prosjektansverlig: Julien Fournet & Mathilde Maillard

Spelast 10. – 11. september på Black Box Teater i Oslo.

1 svar til “Poc poc?”

Det er stengt for kommentarer.