Kategorier
Omtalar

Peer Gynt, 15 år.

Omsider fekk vi med oss Peer Gynt God’s Choice!

Omsider fekk vi med oss Peer Gynt God’s Choice! Alltid fint å kunne avslutte ein lang arbeidsdag på Cornerteateret med litt scenekunst.

Framsyninga har blitt spelt for skuleungdom i ei veke, så vi prøvde å sette oss litt inn i korleis det er å sjå den som 15 åringar. Her er kva vi hadde digga med dette som 15-åringar.

Flyktningen Achmed og Peer.

Vi fekk merksemd som publikum. Vi fekk gå fram på scena og skrive kva vi assosierte med respekt, ansvar og lykke. Vi fekk moglegheiten til å sitte i båt med redningsvest. Vi fekk sjansen til å komme på film. Vi var nok over gjennomsnittet glad i merksemd som 15-åringer.

Vi ville digga at teksten var kraftig korta ned.

Vi ville digga Dr Who-musikken.

Vi ville digga å vere med på raveparty i Dovregubbens hall.

Vi ville digga at vi fekk komme med veslevoksne meininger om store tema.

Vi ville digga Musikaljentene, fordi det ville mest sannsynleg vore venninner av oss.

Vi ville digga kjærleikshistoria om Peer og Solveig – dei er jo litt som håplause 15-åringar.

Vi ville digga at det var vi som fekk ha på redningsvest, at det var vi som var valgt ut til å vere spesielle.

Vi ville digga at vi kunne brife med å kunne bukkerittet utanatt. Høgkulturell ungdom veit du. Og vi veit at det eigentleg ikkje er Besseggen Peer reiser over.

Vi ville digga at det var ein levangsbygg som spelte gudbrandsdøl.

Vi ville digga at vi fekk fri frå skulen.

Vi ville digga at vi kunne stele med oss ein knapp heim.

Solveig og Peer.

Knappestøparen. Ville du ha støypt om Peer om du fekk sjansen?

– Ingrid og Ragnhild

Peer Gynt – God’s Choice av Kompani 13. Med Steinar Thorsen, Jorunn Lullau og Jan Holden og Robin Jacobsen. Musikaljentene: Cecilie Strønen Damm, Lovise Moland Espeland, Mathilde Strønen Damm og Selma Strønen Damm

/pressebillett/

Legg igjen en kommentar