Kategorier
Festival Hendingar Omtalar

Pannekaker, heliumsballongar og 8mm-filmar

BASTARD: Trondheim internasjonele scenekunstfestival er over for i år. Her er ei oppsummering.

Årets Bastardfestival hadde siste forestilling i helga. Eg har summa meg etter mange forestillinger og minst like mange teaterinntrykk. Å få med seg 11 forestillinger på ei veke krever litt rekreasjon. Her er ei oppsummering av alle forestillingane eg såg under festivalen.

Maler byen gul!

Tea Tupajic & Petra Zanki – The curators’ piece
Våre tyske lesarar har nok fått med seg at denne forestillinga stiller viktige spørsmål, som kva vi er villige til å døy for. Eller spørsmål om Avant Garden og Bastards posisjon i Trondheim. Ein intelligent måte å grille leiaren for festivalen/teatret på. I den meir tradisjonelle debatt eller seminarforma hadde ein nok ikkje fått fram poenga på same måte som her.

Happy Gorilla Dance Company – Exit strategies
Dette var absolutt ein opptur frå førre framsyninga til Happy Gorilla. Den verka både meir planlagt, gjennomtenkt og gjennomført. Likevel er det noko ved spelestilen deira i non-akting og realtime-form som ikkje fungerer for meg. Installasjonen/Power nap shop som dei hadde på dagtid var genial og burde vore ope heile festivalveka. Kombinasjonen av forestilling og installasjon gjer det til eit meir heilhetleg konsept. Dessutan hadde dei ein fin gris som tok teaternoreg på kornet (i alle fall sett frå deira perspektiv).

Part av grisen, teatervitarar får merksemd

Pieter De Buysser & Hans Op de Beeck – Book Burning
Eg og Ragnhild har sett den tidlegare, men likevel freista det å sjå den ein gong til, på ein ny stad med eitt nytt publikum. Eg vart heilt oppslukt av kista til Pieter, den ga historia eit ekstra forteljingsmonument. Dessutan er det lenge mellom ein høyrer ein historie foralt på ein så god måte som Pieter gjer det, eg ville høyre meir om Tilda. Personleg synast eg at forestillinga er litt for lang, og slit litt med å følgje med mot slutten.

Heine Avdal & Yukiko Shinozaki – Nothing’s for something
Eg elskar ballongar, dei gjer ein kvar middelmådig fest til ein fest. Aldri har eg latt meg fascinere så mykje av scenetepper og ballongar, dette var ei estetisk nyting eg ikkje ville gå heim frå. Eg er tom for fleire ord.

Institutet – Woman
In yer face-teater på sitt beste, eller verste i følgje nokon. Men viss du syntes det var så ubehageleg, kvifor bad du ikkje ho om å stoppe? Ei forestilling som utfordrar det generelt høflege teaterpublikumet. Forestillinga minnar i oppbygging litt om Shoppen und Ficken eg såg i Berlin for nokre år sidan; dei etablerer først ei trygg ramme og så snur det heile. Dei tek opp ein tematikk som får oss til å stille eigne spørsmål om. For min del kunne dei kutta dei siste scenane, eg hadde skjønt poenget innan da, og dessutan hadde sjetteklassediskoen vore ei fin avslutning på framsyninga.

Eg fekk heller ikkje prøvd ut Happy Gorilla Power Nap Shop. Heldigvis skal dei til Bergen under oktoberdans, slik at eg kan ta meg ein hønseblund der.

Verk Produksjoner – Build me a mountain
Førre forestilling eg såg av Verk Produksjoner var noko av det beste eg hadde sett på lenge. Kanskje eg var farga av av at dei hadde vunne Heddaprisen og at denne farginga fulgte meg denne gongen òg. For dette likte eg! Utan at eg kan seie om eg veit kva det var med innhaldet eller tematikken som fenga meg. Men eg likar særs godt den maksimalistiske scenografien og det sceniske uttrykket til aktørane og stemingen dei skapte. Sjølv om eg satt med ein frykt om at Hufsa skulle komme og ta oss.

Janek Turkowski – Margarete
Dette var ein liten perle av ei forestilling eg gjerne skulle sett meir av. Eg er, som Ragnhild, alltid glad når eg får servering. Og med tekoppen handa begynte Janek å fortelje om nokre 8mm-filmar han hadde funne på ein loppemarknad. Vi fekk sjå utvalde klypp, og på nesten alle viste den same kvinna seg – Margarete. Medan vi satt på heimehekla tepper vart vi fortalt om korleis jakten på denne kvinna starta og utarta seg.

Eg fekk ikkje sett Ingri Fiksdals forestilling Night Tripper. Heldigvis fekk eg ein personleg reeanactment av Bastards frivilligsjef og velferdssjef.

Oblivia – Entertainment Island I-III
Når eg tenker meg om, var denne forestillinga noko eg anten ville ha elska eller hata. For meg var det det siste, til trass for at mange andre i salen satt og lo som aldri før. Entertainment Island bestod av tre aktar, som underhaldte oss på høgt repetetivt plan. Del I bestod av «You look good», «Well don’t you look good» og «I look god». Del II bestod av big «papier mache hands», «big papier mache beach party» og «big papier mache drinks». Del III veit eg ikkje kva bestod av, for innan pausa hadde eg fått nok og valde å gå heim (Det at eg var på workshop med to av aktørane dagen etter og hadde det utruleg kjekt lar eg ikkje vere ein del av poenget her). Sjølv om eg ofte likar teater som berre er for underhaldninga sin del og som ikkje prøvar å vere noko djupare enn den framstiller seg som.

The end foundation – What if time is?
Ein aktør står på scena i det vi entrer salen. Der står han stille i fleire sekund før han startar å seie ein pretensiøs setning om tida og det å kjenne seg åleine. Denne setninga repeterast medan han hermer etter rørslene til publikum ein etter ein. Etter ein time var det over. Eg er usikker på om eg synast det berre var teit eller fascinerande

Verdas beste pannekaker <3

Juha Valkeapää & Taito Hoffrén – Ten journeys to a place where nothing happens
I eit militærtelt har Juha og Taito ei forestilling som nyttar lokale heltar, som rapparar og tekninkarar som julenisse. Dei visar oss film og les høgt frå dagboka si. Speler inn musikk på kassett og auksjonerer det bort til høgsbydande etterpå (til 50 svenske og 5 euro). Og ikkje minst: dei servere kaffi og te og pannekaker! Verdas beste pannekaker med sukker på. Ei forestilling som handlar om livet. Eg likar livet etter å vore med på dette.

Mette Edvardsen – Black
Table table table table table table table table. Chair chair chair chair chair chair chair chair. Window window window window window window window window. I ein halvtime blir vi introdusert for ein fullt møblert scene på eit tomt scenerom. Mette Edvardsens framsyning er enkel, men og kompleks og ho veit å slutte til rett tid. For sjølv om eg likar det eg ser kan ein fort bli litt lei av ord som repeterast.

Siste forestilling er ferdig og bastarden gjer seg klar til å feire!

Eg har erfart at desto meir teater eg ser, desto oftare er det mellom godbitane. Sånn sett var Bastard ein opptur. Eg likte jo så og seie alle forestillingene, og at to av elleve forestillinger ikkje var noko særleg å skryte av for min del gjer da ikkje noko. Eg er fortsatt usikker på kven som var den absolutte favoritten, men Woman, Build me a mountain og Nothing’s for something er nok blant topp tre. Bastard er i alle fall den første bikkja eg virkelig har likt og eg gledar meg til neste år allereie!

– Ingrid