Kategorier
Omtalar

Om uventa gåver og andre gjenstandar

Pieter De Buysser har samla spennande gjenstandar frå heile historia i «Landscape with Skiproads». Ragnhild var mest opptatt av pappeska som starta det heile.

Eg oppsøker sjeldan monologar på teater. Eg mistar lett konsentrasjonen og er redd for å ende opp med timeslangt einsidig pjatt. Men så var det jo ikkje kven som helst som besøkte Bergen med sitt forteljarteater denne veka. Derfor tok eg turen til Landscape with Skiproads likevel. Kven veit – kanskje kjem ein ut av det som eit betre menneske.

Landscape-with-skiproads2

Pieter De Buysser snakkar lenge og intrikat, i mykje meir enn ein time faktisk, men det går stort sett bra. Det er så mykje engasjement hjå forteljaren og historia eg får servert er så intrikat, så surrealistisk. Ein gut og ein hest som snur opp ned på livet til Pieter, som lagar nye snarvegar og slår knuter på historia sjølv.

Sentralt i kvar hending som finn stad, er gjenstandar plassert rundt om i scenerommet (på pidestalar med hesteføter). Dermed kan ein leike den velkjende «kva ting blir nytta neste gong og kva representerer den?». Det er aldri dei tinga eg trur eg kule som er mest spennande. Eg trudde til dømes at eg hadde meir lyst på ein hanske enn ein svær halv jernring, men det viste seg sjølvklart å vere motsett (kven vil vel ikkje ha ein sånn jernting?).

Forteljinga er så annleis, full av uventa vendingar som likevel fell inn i eit slags mønster etter kvart. Pieter bobla over av entusiasme heile vegen og sjarmerte skjorta av dei godt vaksne damene på framste rad (trur det var gjensidig òg). Han fekk kanskje ikkje like mykje feedback frå meg, men eg vart raskt overtydd om at også eg har lyst til å vere så entusiastisk i kvardagen (av og til i alle fall).

Landscape-with-skiproads3

I denne historia var det overrekkinga av ei tilfeldig gammal pappeske som var rota til alt det gode – an unexpected present. Men det er litt vanskeleg å organisere tilfeldige overrekkingar av uventa gåver til seg sjølv. Derfor får eg heller syte for å levere ut eit par uventa pappesker sjølv, til dei eg kjenner som treng litt ekstra glede i kvadagen (pay it forward lizm).

Kanskje det å sjå teater faktisk gjer meg til eit betre menneske.

DSC09436

DSC09429

– Ragnhild

Landscape with Skiproads – Tekst og framføring: Pieter De Buysser – Scenografi: Herman Sorgeloos – Dramaturg: Marianne Van Kerkhoven (Kaaitheater).

Denne framsyninga er nok dessverre fortid både på BIT og TAG.