Korfor var ikkje du på teater i går? Det er ikkje kvar dag DNS tek imot gjestespel, og personleg let eg meg freiste av lovnaden om en friskt innpakka historietime.
StatsTeatrets 1066 – slaget ved Stamford bridge er som namnet tilseier ein del av vår eigen kongesaga, og eg lærte faktisk mykje nytt om ein av dei viktigare hendingane i norsk historie. Men det er kanskje ikkje så nøye. Det eg vil legge vekt på her, er korleis dei fire mannlege aktørane i dress klarte å levandegjere ei snart1000 år gammal handling ved hjelp av relativt enkle forteljande verkemiddel. Vi fekk møte krigerske Harald Hardråde, den særs kristne sonen hans Olav Kyrre, den landsforviste engelske jarlen Toste og skalden Tjodolv. Alle var dei aggressive, og alle drakk dei øl.
Høyres det traust ut? Slett ikkje. For å sitere omtala på nettsida til DNS ”Eksistensiell Monty Python møter Snorres kongesagaer i et Quentin Tarantino-univers. Historien fortalt slik du aldri har fått høre den”
Humor, ein haug film- og andre popkulturelle referansar, herlege klisjesongar og vaflar til folket gjer susen. Spesielt det siste – for som de som følgjer med veit, har jo vi i Frontlosjen vorte glade i publikumsinteraksjon.
Kanskje ikkje det mest revolusjonerande eg har sett, men StatsTeatret gjer likevel noko nytt når dei vel å ta tak i landets historie på eit slikt vis. Dette vil eg sjå meir av.
Og det kan eg! På torsdag kjem svartedauden nok ein gong til Bergen by, denne gongen i musikalform. Kanskje ser eg deg der?
I rollane: Gard B. Eidsvold, Cato Skimten Storengen, Kim Sørensen og Per Kjerstad. – Regi og manus: Yngve Sundvor.
Speles på DNS Store scene 4. og 8. desember kl 20.00.
– Ragnhild