Ny ettertanke, ikkje meir spekulasjon

Det følas litt rart å skrive om Manifest 2083 etter ei rekkje innlegg om festspelmote og absurde forestillingar. Men likevel let vi den sette punktum for årets festspel.

Den mykje omtala produksjon som vart påbyrja kort etter 22. juli 2011, og er ferske reaksjonar forsegla i eit skodespel. Nei, den fortel oss ikkje noko nytt og banebrytande vi ikkje visste om tragedie eller rettsak (utruleg nok), og heller ikkje stappa med radikale og provoserande tolkingar og drøye slutningar. Når framsyninga vart synt for oss i Bergen førre måndag, var det som ei sterk og viktig påminning tre år etter.

Foto: Søren Solkær

«Noen ny innsikt, ideologisk eller psykologisk, føler jeg ikke at jeg sitter igjen med», skreiv Jan H. Landro i Bergens Tidende. Trur de verkeleg det var målet med produksjonen, spør vi. For det vi såg, var eit godt stykke arbeid som minna oss på kor innvikla og komplekst det er, det som får ein sint ung mann til å tippe over kanten. Korleis det er ein realitet at høgreekstreme i Europa vinn fotfeste, og at frykta for islamismen finst også hjå «vanlege folk», sjølv om dei/vi veit betre. Vi blir minna om at det kan vere farleg å teie ihjel det vi er redde for. Men også at den kollektive sorga tilhøyrer oss (les: vår nasjon), ikkje dei (les: danskane bak stykket, og alle andre).

Ikkje minst: vi blir minna på at teateret tydelegvis framleis har stor påverknad. For der media kan brette ut om hendinga, barndommen, rettsaka og bruk av videospel i enorm skala, må vi jo forstå at éi framsyning på ei bittelita scene i Danmark jo er eit reint talerøyr for ABB, prinsipielt krenkande og ei spekulativ utnytting av triste nordmenn. Kvifor er det meir alvorleg at ein sett opp ei forestilling basert på tragedien enn at media skriv stort om det? Vi er glade for at Lollike og Højgaard sto på sitt og laga kunst om noko dei brydde seg om. I tilligge til å vere godt handtverk (som burde halde i seg sjølv) var det viktig å sjå att utdrag frå både rettsak og få presentert sekvensar frå det frykta kompendiet. Nei, Manifest 2083 gav oss ikkje noko særleg ny informasjon – heller ny ettertanke. Det treng vi.

Og kva med dei som enno ikkje er klare for å sjå ei slik framsyning, som vil bli unaudsynt provoserte av å sjå ein danske vasskjemt hår knuse pellets på scenegolvet? Dei var nok ikkje på Østre 2. eller 3. juni. Teateret kan vere eit eigna medium sånn sett – det er langt lettare å unngå enn avisframsider og nyhendesendingar.

Dersom de lurte: Manifest 2083 gjer det ganske bra på Den store store tema-testen.

– Ingrid og Ragnhild

Manifest 2083 – Christian Lollike idé, tekstutvikling & regi – Olaf Højgaard idé, tekstutvikling & skuespiller – Tanja Diers tekstutvikling & dramaturg  – Christine Juhl Sørensen regiassistent – Hanne Mørup kostymer – Morten Kolbak lysdesign – Rasmus Kreiner lyddesign  – Nicolaj Spangaa scenografisk konsulent – Pressefoto: Søren Solskær.

Tags: , ,