Det er triveleg å komme inn i teaterrommet når aktørane helsar deg blidt i møte. Eg fekk til og med kompliment for kjolen min, og ei anna fekk halde ein leikekenguru. Det var med andre ord ikkje snakk om titteskåpsteater i denne utgåva av ibsenklassikaren. Scenerommet var ope, og speleflata markert med golvplater i ein stor firkant. Området rundt var tidvis ein del av rommet, men for det meste ei nøytral sone der aktørane følgde med på spelet. Men sidan det sparsame rommet var iscenesett i Logen, fekk eg i høgste grad ei ibsensk kjensle av scenografien, med søyler og trapper som ramma inn og vart ein del av leilegheita.

Ho som spelte Nora var energisk og vann publikum sin gunst allereie før handlinga starta. Doktor Rank og sakførar Krogstad gjorde meg sår i hjartet, Kristine var litt tøff, og Torvald var irriterande og teit på overbevisande vis. Ja, eg er klar over at det vart ei teit setning, men eg var berre rett og slett så fornøgd med prestasjonen til aktørane. Dei kunne vere lidenskaplege og likegyldige i same setning, og av og til beint fram siterte dei Ibsens replikkar – gjerne dei av den klissete sorten.

Eg veit eg har lagt litt for mykje vekt på dramatikar i denne produksjonen (eg vil jo eigentleg ikkje vere ein slik ein), men det er berre så sjeldan eg tykkjer ibsenstykke er fengande. Dette overtydde meg lett, rett nok med unnatak av slutten. Eg er ikkje sikker på om det var framføring eller plott som gjorde det – men eg trur det ligg i teksten: det at Nora må nytte så fordømt mange ord på å kome seg ut av det huset. Det tok sikkert 15 minutt, og eg vart rastlaus.
Men no i etterkant kjem eg ikkje til å tenke så mykje på det. Heller vil eg hugse den mest krakilske tarantellaen i manns minne, eller kanskje vil eg kjenne på melankolien over at den vakre Rank kutta kontakten med vennene sine for å dø i einsemd.
Og så har eg lyst på ein kenguru i stua, trur eg.

Tekst: Et dukkehjem av Henrik Ibsen – Av og med: Wine Dierickx, Jolente De Keersmaeker, Tiago Rodrigues og Frank Vercruyssen- Lysdesign: Thomas Walgrave Kostymer: An d’Huys Produksjon: tg STAN- Co-produksjon: Teatro Maria Matos (Portugal), BIT Teatergarasjen, Maltafestival Poznan (Polen), Kaaitheater (Belgia).
Speles laurdag 1. september i Logen.
– Ragnhild
1 svar til “Nora etter min smak”
[…] Tragedie: Nora (TGStan), […]