Kategorier
Hendingar Omtalar

Night Trippin with your two favorite allies

Og vi som hadde gleda oss til ein tur på Fløien

Vi gleda oss eigentleg til ein tur på Fløyen for å sjå Night Tripper, sjølv om det var snø der. Vi gjorde jo det. Men turen ut til Verftet er lang nok den, etter middag. I alle fall lang nok til å ta litt bilete i kulturlandskapet.

IMG_0102IMG_0109IMG_0105  IMG_0128IMG_0154IMG_0160   IMG_0165

Vi forsto det på førehand, at dette er den krevjande typen dans. Det skjer ikkje så mykje forskjellig i Ingri Fiksdal sine verk.

Først må du sitte å sjå litt på korleis repetative rørslar er ganske fascineriande. Og så må du etter kvart innsjå at det neppe kjem til å skje noko særleg meir i løpet av framsyninga. Så blir du litt lei. Så oppdagar du at det jo er ganske mykje som skjer, men i musikken – ikkje rørslene. Så innser du at du neppe har lårmusklar som kan måle seg med dei som står der framme og voggar fram og attende i ring. Det tenker du på ei stund, før du sett vodkaen du fekk i vrangstrupen og må hoste veldig stille. Og så blir du litt fascinert av rørslene att, og tykkjer eigentleg at det er ganske åkei. Men no er det jo nesten heilt mørkt.

For nokre år sidan var vårt første møte med Fiksdal; i Orchard Ballads let vi oss fascinere over kor vakkert det kan vere å dra i eit silketeppe. Vi fekk ei sterk opppleving av korleis dei repetative rørslene gjorde at kroppen i rommet mista sin humane form og såg ut som noko mekanisk, eller ein annan organisme. Ingrid har på kjensla at det var noko av det dei prøvde å videreføre i Band òg, ei anna Fiksdal-framsyning av same sort. Nen sidan ho veit at det er den effekten ein prøvar å oppnå, så fekk ho ikkje same kunstnariske oppleving av det.

Rørslemønsteret i Night Tripper baserer seg på same konsept som dei to føregåande, men her vart dei einsformige rørslene meir rituelt performativt enn visuelt performativt.

Der kor Orchard Ballads og Band slutta ved applausen, var vi her velkommen til å vere att og ta oss litt meir vodka og ete ostepop og Haribo. Det var veldig koseleg å prate med aktørane og teatereliten etterpå, som alltid. Det er jo grunnen til at vi heng så mykje på Teatergarasjen. Og vi blir alltid glade når vi får noko i glaset eller å bite i, ikkje minst når ein oppdager glow sticks mellom den jordanske spriten og drueklasane. YOLO.IMG_0211 IMG_0202 IMG_0173 IMG_0195 IMG_0190 IMG_0186

Konsept: Fiksdal/Langgård/Becker | Koreografi: Ingri Fiksdal | Musikk: Ingvild Langgård | Scenografi: Signe Becker | Dansere: Pernille Holden og Julie Solberg | Musikere: Jørn Tore Egseth, Ane Marthe Sørlien Holen, Ingvild Langgård/Øystein Wyller Odden og Gunhild Mathea Olaussen.

Night Tripper kan du sjå i Bergen også i kveld, tysdag 7. mai.

– Ragnhild og Ingrid