Kategorier
Omtalar

Når føredraget inntek teateret

Kan ein musikar med powerpoint som verkemiddel vippe meg av velstandspinnen?

Gjer det å høyre på ein musikar som snakkar om økonomi noko med deg? Gjorde det noko med meg? Har eg vorte eit meir medvite menneske etter å ha fått presentert forbrukarsamfunnet vårt for dummies? Vel, la oss ta ein rask sjekk:

1. Har eg lært noko nytt?
No veit eg korleis teikningane av folk ute i verdsrommet ser ut. Det er berre mannen som helsar dei nye livsformane dei møter. Typisk, eg er ikkje nøgd.

2. Har eg innsett at min kapitalistiske livsstil ikkje er berekraftig, og derfor trappa ned pengebruken min?
Definitivt. Ein blir fort berekraftig når ein gløymer at lommeboka heime. Eg har ikkje nytta nokon pengar i det heile!

3.Har eg fått lyst til å lære meg å spele trommer?
Nei.

4. Har eg gitt kjøt til ein soldat i byte mot klingande mynt?
Høhø. Men nei, eg har i grunnen ikkje det.

5. Har eg nytta fritida mi på å pynte meg med fine steinar for å tiltrekke meg ein make?
I overført tyding, ja. Eg har fiksa meg ein fjong syttitals-føn i håp om å trekke merksemda til ein historikar med nasen djupt ned i ei bok.

DSC04880_

6. Har eg gått til innkjøp at ein Iphone 1, 2, 3, 4 eller 5, og slik bidratt til den onde konsumeringssirkelen?
Absolutt ikkje! Eg er quietly brilliant sånn sett.

7. Har eg byrja dyrke min eigen mat så eg ikkje er avhengig av kjøp og sal for å overleve?
Vel, vi planta eit eplefrø i går, men det var før framsyninga. Men det skal seiast, eg har ete egg og frukt til frukost, det er vel ganske berekraftig?

8. Har eg 10 euro eg kan handle med?
Ja, det har eg faktisk.

20140329-162623.jpg

For å oppsummere har eg kanskje latt meg påvirke bittelitt, men det skal nok meir til enn ein musikar med powerpoint som verkemiddel for å vippe meg av velstandspinnen.

Economic theory for Dummies – Av og med: Amund Sjølie Sveen
BIT Teatergarasjen, laurdag 29. mars kl. 19.00, Studio USF

– Ragnhild