Kategorier
Festival Omtalar

Na na-na-na-na

FJALER: Vi har vore på barneteater og fått musikken på hjernen!

I Løa på Klokkargarden (Jakob Sande-tunet? Tusenårsstaden?) fann fyrste framsyning under Teaterfestivalen i Fjaler stad. Vi og ein haug med barnehageungar såg Hordaland Teater si framsyning Heksestrekar og kosa oss.

Utan ord, men med teikningar og musikk, fekk vi servert historia om prinsessa og den slemme kongen og den kule heksa. Trur vi. Vi måtte jo bestemme sjølv kva det handla om, siden ingen sa noko. Ungane flira og følgde med, og det gjorde i grunnen vi òg. Akkurat passa humoristisk, bittelitt spennande, kule effektar (papir på veggen!) og passe langt.

Foto: Tor Erik H. Mathiesen
Foto: Tor Erik H. Mathiesen

Her er vi på teater:heksestrekar– Ragnhild

Heksestrekar -Utvikla av alle medvirkande etter idé av Ljudmil Nikolov – Regi: Trond Birkedal – Med: Ljudmil Nikolov og Jan Holden – Teikningar av karakterar/figurar: Ljudmil Nikolov – Song, stemme og piano: Ragnhild Gudbrandsen- Lyddesign: Mathias J. Grønsdal – Rekvisittar/kostyme: Britt Koldal