No har eg sett mi fyrste ordentlege framsyning på Cornerteateret! Det var stas.
– Sjå, kor fint!
Med musikk og dans fekk vi servert gode gamle Munch i ny drakt (og utan drakt for den del). Med ei episodisk oppbygging fekk vi presentert åtte ulike bilete av målaren, meir eller mindre godt forkledd. Desse var lista opp i programmet.
Eg gløymde å sjå på programmet før det vart mørkt, og enda opp med å måtte gjette meg fram dei ulike bileta på eiga hand. Eg klarte å gjette rett på om lag to av dei, men det var ei fin lita øving like fullt. Med andre ord: Ta stilling til om du vil lese programmet på førehand! Kor godt trur du at du kjenner Munch sitt arbeid?
Utanfor salen gjekk det an å kjøpe ein rykande fersk CD, med kake på kjøpet. Men da får du ikkje med dei flotte dansarane, så du må uansett sjå framsyninga.
Munch Remastered speles på Cornerteateret 27. – 29. september kl. 18.00.
Yanelis Brooks (dans) – Alejandro Altamirano (dans) – Bodil Lunde Rørtveit (vokal) – Siri Hilmen (cello) – Vibeke Flesland Havre (regi) – Silje Sandodden Kise (kostymedesign) – Martin Flack (lysdesign)
Alle bileta er freidig tjuvlånt frå SAGN si facebookside.
– Ragnhild