Med Gud på sokkelesten

I Guds namn er ei undersøkjing av korleis religion kan misbrukast som eit maktmiddel i høve til barn og unge i deira mest sårbare periode i livet.
– Trond Birkedal, teatersjef

I forkant

Som vanleg gjorde tittelen på stykket meg litt skeptisk – det er jo eit must for ein lukkeleg pessimist som eg. Store spørsmål som fri religionsutøving kan fort tippe over i det pompøse, men slapp av: Hordaland Teater går ikkje rett i fella.

Igudsnamn1

Framsyninga

Gjennom tre unge skjebnar frå vi ein innsikt i korleis det kan vere å bli oppdradd i strengt evangelisk-lutherske religionssamfunn. Det er sonen til ein overivrig vekkelsespredikant som meiner eksorsisme kan løyse det meste, ei 16 år gammal jente som gjer så godt ho kan for å vere snill kristen pike for foreldra sine, og til slutt den overlukkelege 13-åringen som snart skal stå brud.

Tidvis ganske ekstreme skjebnar kanskje, men vi kjøper det. Historiane avløyser kvarandre heile vegen, og eg tek meg sjølv i å vere nyfiken på kvar dei ulike skjebnane endar. Korfor skal til dømes ei så ung jente gifte seg? Er det ein ting i enkelte kristne miljø eg ikkje har fått med meg?

Igudsnamn2

Aktørane er flinke og sympatiske og scenografien fin og enkel. Det gjer ingen ting at vi som publikum i ein viss grad er delaktige, snarare tvert imot. Det er fint å sleppe amfiet ein gong i blant, og der vi tassar rundt på sokkelesten slepp vi den fysiske distansen mellom scene og sal («moteriktige, interaktive «øvelser»» som Landro kallar det). Eg mistenker at dette er eit smart trekk med tanke på målgruppa, som er ungdomstrinnet og vidaregåande.

Nokre ting saknar eg likevel. Til dømes er dei tre skjebnane alle ekstreme, men kva med dei som veks opp i ein middels intens indremisjonsheim? Får dei barna fråtatt sin eigenrefleksjon i Guds namn? Det er for meg eit meir interessant spørsmål, og mindre fjern frå mi sekulære røynd. Elles vart det (som det så ofte blir) litt for overtydelig og enkelt i avsluttinga, utan at det gjorde så mykje skade for heilskapen. Dette burde eg utdjupe, eg veit, men eg vil ikkje spoile for mykje.

Igudsnamn3

I etterkant

Eg er glad eg såg stykket, ikkje mist fordi det var behageleg å møte eit brot med publikumskonvensjonen (også utanfor dramasalen). Framsyninga har nok ikkje gjort skjelsettande inntrykk på meg, men det hadde ho kanskje gjort for ti år sidan? Uansett har eg no eit mål om å sjå filmen som utkonkurrerte vekkelsespredikanten:

Smultronstället
Smultronstället (1957)

Praktisk

I Guds namn – Regi: Nils P. Munk – Omsetjing: John Stavland – Aktørar: Yngve Seterås, Irene Waage, Thea Borring Lande, Igor Necemer

Pressefoto: Tor Erik H. Mathiesen

Speles på Logen fredag 17. januar kl. 19.30 og laurdag 18. januar kl. 18.00
For skuleelevar i Bergen 8- 10. trinn i regi av DKS Bergen frå 17. – 24. 01.
Turnè for DKS Hordaland frå 27.01.

Pluss: Vi fekk utdelt sokkar så vi slapp å fryse på føtene. Traktering! Eg seier aldri nei takk til ein kopp te.

Tips: La sekken og veska stå att heime, det kan du uansett ikkje ta med inn.

NB: Vaksne inga orsaking! Vi har glede av å sjå den, vi òg.

#ign

– Ragnhild

 

HER KAN DU LESE MEIR

Min tekst på scenekunst.no
BT og Landro om stykket
Lærar Eirik Sukke etterlyser heva aldersgrense i sin kommentar
Halvor Nordhaug, Biskop i Bjørgvin har også kommentert i BT
Og så har religionsvitar Knut Melvær kommentert han att på bloggen sin
Sjå elles intervju og utdrag frå pressevisning her.

Tags: ,