Når ein skriv master, hendar det seg at ein er litt treig med alle andre ting. Som å få med seg framsyningar på det lokale institusjonsteatret, til dømes (og ikkje minst å blogge om dei i etterkant). Slik hadde vi det med Lughnasa som nettopp gjekk på småscenen. Men på fredag – nest siste sjanse – fekk vi endeleg somla oss av garde, og det var det jammen bra vi gjorde.

Vi skal innrømme det – ved fyrste augekast verka denne irske seinsommardansen som ein heller traurig affære, noko husmødre frå 50-talet ville likt, eller kanskje 40-talet. Plakaten var skikkeleg døll, og det heile såg ut til å vere satt opp med den hensikt ”å bruke opp” dei kvinnelege tilsette ved DNS (noko som i og for seg er ein ærleg sak, utan at vi skal bevege oss vidare inn på kjønnsproblematikken i teatret her).
Men Lughnasa var ei varm og triveleg forteljing, og slett ikkje kjedeleg. Ensemblet var tett og dyktig, og eit par av dei imponerte oss også. Det var umogleg å ikkje like Ane Skumsvold når ho ga oss ein blanding av forventninger, sinne og forelskelse. Rhine Skaanes har vi aldri sett i ein meir passande rolle – storrøykar og vitsemakar. Generelt er karaktergalleriet veldig bra, alle har ei utvikling utan at det blir for karikert. Regien var det òg lite å utsette på, med spesielt gode grep rundt forteljarrolla i stykket – den gamle mannen som ser attende på det som hende ein seinsommar da han var liten.

Akkurat scenografien stussa vi litt på i fyrste akt – det såg ut som garden ute på den irske landbygda var i eit funkishus. Men etter pausen vart handlinga flytta utandørs, og scenografien vart lyst opp og gjort meir abstrakt, opne for assosiasjonar. Da fungerte det, men det er fortsatt irriterande når det ikkje fungerte i første akt.
Det er noko med småscenen vi likar veldig godt, forestillingene her synast vi er jevnt over mykje betre enn på store scene. Kanskje har det noko med stykka å gjere? Betre regi? Eller formatet på scena? – småscenen er jo trass alt litt meir intim – og det likar vi.

– Ingrid og Ragnhild
1 svar til “Lugnhanasaah Lughasmasa Lugnhna ghna nah”
[…] av dei som debuterte på DNS sin scene denne våren var Ane Skumsvold. Vi likte ho veldig godt i Lugnhansjahna, og ikkje mindre her. Sjølv om desse to rolletolkingane hadde mange likhetstrekk, gledar vi oss […]