Kategorier
Omtalar

Logen dyrehage

Det er litt rart å stille opp for å sjå barneteater utan å vere med nokon ungar sjølv. Vi passa liksom ikkje heil tinn høgdemessig. Men Ragnhild prøvde å gli inn i mengda med same typen skinnjakke som halvparten av ungane, og Ingrid bonda med ein kid som leika stiv heks med ho i billettkøen.

(Frontlosjen gjer oppmerksam på innslag av spoiling)

Det er litt rart å stille opp for å sjå barneteater utan å vere med nokon ungar sjølv. Vi passa liksom ikkje heil tinn høgdemessig. Men Ragnhild prøvde å gli inn i mengda med same typen skinnjakke som halvparten av ungane, og Ingrid bonda med ein kid som leika stiv heks med ho i billettkøen. Dessutan såg vi at fleire ungar hadde med seg sjokolade på teatret – det skal vi òg byrje med.

Hordaland teater uttalar at Dyrehagen Hardanger er storsatsinga for born denne våren. Oppsettinga er basert på ei forteljing av Jon Fosse og har med både dansarar frå frikar og anerkjende hardingfele-musikarar frå distriktet.

Foto: Hordaland teater/Tor Erik H. Mathiesen

Det er ei historie alle (som har vore) born kjenner seg att i. Vi møter seks ungar som leiker dyrehage på låven. Som alltid er det nokon som er meir engasjerte og ivrige enn andre – nok trur faktisk dei er tiger eller apekatt. Nokon sjefar meir enn andre og blir sur når bjørnen pratar – bjørnar kan jo ikkje prate, dei seier berre «brum»! Andre må støtt vere det kjipe villsvinet som berre søv. Og når ein endeleg har funne noko å fôre alle dyra med, ja da er alle lei og gidd ikkje leike meir.

Form og fantasi er fine stikkord,og store delar av handlinga er dansenummer til livlig folkemusikk. «Dyra» dansar både laus og breakdance, men berre når dyrepassarane ikkje ser dei. Dette gjer seg bra både i forteljande parti og som reine showstops. Fire musikarar kjem inn kvar gong dei vil danse, og her ser ein eit av dei meir vellukka grepa i oppsettinga: veggane rundt handlingsrommet består av loddrette, elastiske band som gjer at aktørane berre kan skyve dei til sides å gå «rett gjennom veggen». Dette gjer at vi kjøper dei som abstrakte element i handlinga, noko som også blir understreka gjennom kostymeval og blåmåla kinnbein. Vi vil òg ha ein felespelar med slengbuksedrakt og platåsko!

Foto: Hordaland teater/Tor Erik H. Mathiesen

I det heile kan vi oppsummere at både dans, scenografi og spel overbeviste, og viss vi skulle plukke på noko måtte det vere at aktørane prata litt utydleg i starten – vi høyrte ikkje alt dei sa. Og så er brune bananar ekle, æsj!

Ein skulle tru at Jon Fosse sitt språk blir vel utilgjengeleg i form av barneteater – men tvert i mot. Ungar likar repetisjon, det har vi sett på teletubbies – om igjen, om igjen! Kor mange gonger dei gjentek at dei må ut å leite etter tigeren Knut eller at dei ikkje har pengar til bananar slik at dei kan fôre dyra veit ikkje vi, men det gir kanskje ein tryggleik i historia. Eller er det kanskje fordi det er nettopp slik det er. Vi leikar i ring og kjem ingen veg før nokon har gått lei. Kan hende er det lettare for ungar å bli vant til språket til Fosse, sidan dei enno ikkje er låst i samfunnets konversasjonskonnotasjonar, eller kanskje fordi dei har meir fantasi.

Frontlosjen likar å gå på barneteater, og vi trur ungane likte det òg. Dei satt i alle fall rolege og følgde med, og skratta når det var morosamt. Når nokon bråka og knitra med papir, var det som regel dei vaksne.

Foto: Hordaland teater/Tor Erik H. Mathiesen

Dramatisering: Jane Rasch (etter Jon Fosse) – Regi: Trond Birkedal, Sigurd Aae Klausen – Scenografi og kostymedesign: Åse Hegrenes – Koreografi: Sigurd Aae Klausen/ Christopher Cardoso, Silje Onstad Hålien, Piero Issa, Stephanie M. Mowinckel – Med: Erlend Hammer Hanssen, Kenneth Homstad, Christopher Cardoso, Silje Onstad Hålien, Piero Issa, Stephanie M. Mowinckel Musikarar: Frank Rolland, Einar Mjølsnes, Ivar Kolve og Jostein Stalheim.
(Spel på Logen siste gong i kveld, 29.03, før turen går til Det Norske Teatret)

– Ingrid og Ragnhild

2 svar til “Logen dyrehage”

Har lest bloggen deres noen ganger nå og må si jeg koser meg. Er glad i teater selv og synes det er ekstra koselig med litt nynorsk 🙂 Fortsett å gå på barneteater og raportert til oss som ikke er fullt så frimodige at vi drar uten barna.

Triveleg at du sett pris på innlegget vårt, no vart eg glad!
Det var veldig gøy å vere på barneteater, så det kjem vi nok til å gjenta.
God påske!

Det er stengt for kommentarer.