Dei har alle ein plattform i Nordsjøen.
Dette og meir til lærte eg da eg såg Et oljeeventyr under Meteor i går. For det var mykje informasjon å hente, vi fekk jammen meg servert olja si reise frå jordas spede byrjing, via dinosaurane og fram til Ivar Aasen, ein utruleg happy fyr i eksklusiv rosa underbukse. Eller noko. Eg var i grunnen mest opptatt av å sjå på dinosaur-borekrona som surra rundt i bakgrunnen – eit fantastisk gjensyn!
(utan at eg hugsar heilt når eg såg dette vesenet sist, kan nokon hjelpe meg?)
Livestock framførte eit verk prega av ikkje-spel og den litt trashy gjer det sjølv-estetikken som pregar så mykje i scenefeltet i desse dagar. Dette var sjølvklart understreka av musikk frå kule heimelaga instrument. Ikkje at det såg så trashy ut, dei starta med å skape eit riktig sjarmerande landskap med fjell og sjø. Dersom de er interessert i å bli kvitt ein fjelltopp eller to etterpå, er det berre å sende ein mail til ragnhild@frontlosjen.com. Eg har plass i stova!
Sjølv om frasyninga nok ikkje kjem til å falle i kategorien historisk for min del, var det fleire fine element undervegs. Landskapet og Borehovud Rex har eg alt nemnt, og eg vil gjerne legge til det fine lysteppet som oppsto da ein av aktørane las opp ei lang liste over walkitalkie (eller liknande) – det gav faktisk ei ganske autentisk atmosfære.
Mot slutten av stykket vart vi inviterte med ut for å få med oss siste scene. Dette verka for meg litt tungvint – mykje styr av typen som produserer lite ull. Men da aktørane sjøsette seg sjølve og forsvann ut mot horisonten, må eg innrømme at eg likevel vart ganske sjarmert.
Et oljeeventyr – Med: Livestock, Leo Preston – Musikk: Karen Skog Orkester.
Speles i kveld, fredag 18. oktober, kl 19.30 i Studio USF.
Avsluttingsvis vil eg gjerne nytte sjansen til å nemne at vi omsider kjenner oss klare til å få vå eigen plattform:
– Ragnhild