Kategorier
Omtalar

Klassikar for Ragnhild

Ei framsyning om forbindelsen mellom ytre og indre verd, om «objektiv» og opplevd røynd. Og eit skikkeleg stort skumgummi-hovud, så klart.

Ein treng ikkje vere 10 år for å nyte godt av ein forenkla klassikar på scenen. Det har nemleg aldri falt meg inn å lese Til fyret av Virginia Woolf på eigahand. Derfor var det ganske kjekt å kunne få det med seg frå salen – teater er jo mykje artigare enn å lese.

Til fyret - klassikere for kids

Til fyret handlar om å vere åleine inni sitt eiget hovud, og så må ein ta vare på augneblinken. For da kastar ein ikkje bort tida. Vesle James på seks år har så lyst til å reise ut til fyret i morgon. Mamma seier at det går bra og at det kan hende det blir fint vær, men pappa blir sint og vil ikkje mate sonen med illusjonar. Det er jo meldt dårleg vær, og da er det ingen vits å gi sonen falske forhåpningar. Ein må ha respekt for havet. Det endar opp med at James ikkje kjem seg ut til fyret før ti år og ein verdskrig seinare. Da er mora daud og faren gal, trur eg.

Framsyninga var både fin og litt skummel, både på grunn av lyseffektar og tematikk. Det er ganske alvorleg å sitte å tenke på at eg går nærmare dauden for kvart sekund, og at eg må passe på å samle mange gyldne augneblink der tida strekk seg ut og varar. Heldigvis vart framsyninga søndag kveld ein slik augneblink, for sidan eg alt er 28 år, har eg mykje kortare tid enn alle dei kidsa som framsyninga òg er mynta på.

I morgon skal eg ut i verda for å oppleve noko kult og enda meir episk som eg kan hugse på. Men viss det blir dårleg vær skal eg berre sitte inne og drikke kakao. Det er greitt det òg, for viss eg tek bilete og legg det ut på instagram varar det uansett evig.

instagram#theyCapturedMeUnexpectedly

– Ragnhild

Til fyret – Konsept og regi: Hildur Kristinsdottir – Tekst: Eirik Willyson- Produsent: Mona Larsen – På scenen: Jimmie Jonasson, Magnus Myhr og Maria Ramvi – Lys: Norunn Standal – Lyd: Gyrid Nordal Kaldestad og Peter Baden – Scenografi: Hildur Kristinsdottir – Rekvisittør: Gøril Rostad – Søm: Solveig Hopen – Foto: Kristinn Gudlaugsson – Plakat: Knut – Ole Mathisen.

Sett på BIT Teatergarasjen 30. november 2014

 

 

Ragnhild har i haust vore tilsett som produsent på Oktoberdans, men får lov til å halde fram med å skrive om ting på Teatergarasjen nett som ho vil.