Sidan vi framleis ikkje er heilt på nett med vårt indre barn, har Frontlosjen har spurt eit mindre tilfeldig utval kids om opplevinga dei hadde på Julens Magi. Her er dommen til barneekspertpanelet:
Mia, 8 år:
Eg likte porselenssøstrene best. Og så likte eg at heksa eigentleg ikkje var så slem likevel, men eg tykkjer ikkje at alle barn skal få gåve. I alle fall ikkje Jørgen, for han skitna til dokka til Mari sist jul. Neste år skal eg gå på audition viss eg får lov av mamma.
Carina, 14 år:
Lite teit plott at heksa vart god da. Men eg likar musicals, liksom. Har vore i London ein gong og sett Mathilda, så eg kan ganske mykje om det, faktisk.
Martin, 5 år:
NISSE NISSE NISSE NISSE!!! No skal eg heim å ete godteri og høyre på Julens Magi-musikken.
Jostein Leander, 7 år:
Eg håpar ALDRI jula forsvinn, for da blir ikkje Jesus født. Pappa sa at dei ikkje var på ordentleg, men eg tykte det var litt skummelt da godteria åt seg sjølve.
Adrian, 7 år og ein månad og 3 dagar
Eg kjøpte to magiske godteriposar for vekelønna mi. Den eine skal eg ta vare på for alltid og aldri ete, og så kjem den til å bli verdt kjempemange pengar om ti år. Tusen millionar, faktisk! Det veit eg, for dei som har laga den har vunne Rampe-prisen.
Julens Magi av Musikaljentene speles onsdag 28.12 kl. 14 og kl. 17 og torsdag 29.12 kl. 14 og kl. 17.
Passar for barn frå 3 år.