Kidsa om Askepott

Det er reine eventyrstemninga på dei store teatra i haust. Askepott er haustens familieframsyning på DNS, vi spurte vårt ekspertpanel kidsa om kva dei synast om framsyninga.

Mia, 9 år. 

kidsa mia

Eg pleier å sjå Askepott kvar julaften. Eg synast kjolen til Askepott var finare i filmen. Men Elsa sin kjole er finare. Mamma seier at ingen stemødre er så slemme som som stemora til Askepott. Pappa har fått seg ny kjæraste.

Martin, 6 år. 

dsc_0875

ASKEPOOOOTT!!! Eg har lik pil og bue som prinsen, men den kan ikkje skyte på ordentlig, berre på liksom. No skal eg heim å sjå på elgjakt-videoar på youtube. Eg ønskar meg ein ordentleg pil og bue til jul.

Jostein Leander, 8 år

kidsa arvid leander

Det var ganske ekkelt da dei kutta av tåa til stesystera for å sjå om skoa passa til ho. Men pappa sa det ikkje var på ekte, fordi det går ikkje an å kutte av tær på den måten.

Adrian, 8 år om tre veker og ein dag. 

kidsa adrian

Eg har lært meg å breakdanse som hundane. Eg tok salto ein gong. Når eg kjem heim skal eg ha breakdance-show for systra mi. Ho kan spele Askepott. Rett før jul skal eg på den nye Star Wars-filmen.

Irmelin, 6 og eit halv år. 

Kvifor har dei slottsball i ei trapp? Og det var litt rart at det var så få folk på ballet. Men prinsen var veldig kjekk, eg tok fem plakatar til å henge på soverommet mitt.

DSC_15411

Askepott – dramatisering og regi: Maria Kjærgaard-Sunesen – oversetter og dramaturg: Vera Krohn-Svaleng – komponist: Mari Kvien Brunvoll – musiker: Arne Sandvoll – Scenograf og kostymedesigner: Camilla Bjørnvad – koreograg: Ane Smørås – lysdesigner: Marte Stormo

Speler på Store Scene til 22. desember 2017.

 

Foto framside: Magnus Skrede

// Inhabilt mjøl i posen // Ingrid jobbar i billettkontoret på DNS
Tags: ,