Jeppe to the people!

Ok, boksescenografi og ting som dett ned frå taket er visst trend på teaterfronten under årets festspel. Men eg må innrømme at Svenska Statsteatern har gjort det heile hakket stilegare enn Rogaland Teater, med store, kvite flater og tre svarte dører ut frå scena. Frå himmelen dalar snøen ned på eit allereie vinterdekt scenegolv. Det gjer at Nille ser enno meir stusseleg ut når ho subbar inn på scena for å helse publikum velkomne. Overgangen mellom inne og ute markerast enkelt ved ljosskift, utan at karakterane treng å flytte på seg, og i tillegg til dørar, kan både folk og gjenstandar finne vegen ut gjennom scenegolvets falluker. Det er stilig, og scenerommet er for meg noko av det beste med heile framsyninga. Særleg når det vesle ljoset midt på bakveggen (som elles verkar som ei einsam stjerne på vinterhimmelen) brer seg ut i ein markert sirkel og får eit røykfylt rom til å sjå ut som ein ljosvirvel, eller ein tunnel, kanskje sjølvaste himmelen. Men eigentleg er det grevens soverom, der ein forvirra Jeppe dukkar opp frå eit gammalt badekar – for øvrig det einaste faste plastiske elementet i rommet.

Foto: Carl Thorborg

Skodespelet og regiløysinga var òg bra, for all del. Jeppe hadde vorte ein arbeiderklassehelt – ein pasifist som var utruleg opptatt av John Lennon. Rutaskjorta var på plass, det same var kjerring i boblejakke og overklasse på revejakt (eller tilsvarande, eg er ikkje så stø på kva dyr rike svenskar likar skyte). Det svenske adelskapet fekk gjennomgå, med referansar til både arverett og skattelette – og greven og hans barn vart verkeleg den store skureken i stykket. Men kven vart så helten? Arbeiderklassehelten Jeppe? Som i den dramatiske teksten oppsettina byggjer på, er ikkje det eintydig. Det er lett å sjå at Jeppe ikkje kan kjempe mot sin alkoholisme, og med ei kone som slår med balltre og er openlyst utru med den nye slaktaren, er det ikkje rart at han heller ikkje forsøker å gi opp sin eine flukt frå røynda. I starten verka han nesten litt sympatisk, og eg diggar korleis Jeppe song John Lennon- låtar og gav dei ut for å vere sine eigne. Men etter å ha vorte greve for ein dag, vart han sjølvklart heilt ufordrageleg, og hadde både skalle ned og valdtatt før frukosten var over. Så der forsvann den sympatien, enno kor liten den hadde vore.

Foto: Carl Thorborg

Med nokre få unnatak (det var kanskje eit song nummer for mykje, og ei, om enn intendert, litt for tafatt fumlande feministtale) likte eg denne framsyninga verkeleg godt. Nok ein gong hamnar  ikkje framsyninga på topp ti-lista mi, men  toppar absolutt dei Holberg-iscenesettingane eg har opplevd. Power to the people!

Working class hero og workless class hero

LUDVIG HOLBERG Jeppe på berget OLE ANDERS TANDBERG regi LEIF ANDRÉE Jeppe CAMILLA LARSSON Nille CHRISTER FANT Jakob STEN LJUNGGREN Greven ANN-SOFIE RASE Grevens datter EMIL ALMÉN Grevens eldste sønn JOA KIM GRÄNS Grevens yngste sønn LUCAS SVENSSON oversettelse MARIA GEBER Scenografi og kostymer NIKLAS NORDSTRÖM & TOMAS FLORHED lyd ULRIKA RITTER masker SUTODA lys

– Ragnhild

Tags: ,