Ein god dag kjem aldri for tidleg er laga til ære for språkåret – ein ode til nynorsken. I programmet står ei lang liste med gamle og moderne tekstar, som alle viser syner kor allsidig nynorsk er. Og med handlinga lagt til eit arkiv, appellerar den jo automatisk til ein akademikar som meg.

Dei ulike tekstane (for det meste songar) fann dei fram i ulike arkivhyller – under påskot av dramaturgisk arbeid. Rammehistoria er nemleg sjølve skapeprosessen til stykket vi ser: Finn vi alle tekstane, og korleis skal dette forsvarleg knytast saman i ei forestilling framsyning? Nettopp denne prosessen endar opp med å bli den løysinga dei leitar etter.
Dette er ein klassisk og lettvint utveg, og det virker verkar som dei speler litt på nettopp det. Men likevel fell ikkje rammeforteljinga i god jord for meg – dei lukkast ikkje heilt med å sjarmere bort det billige (her vil eg gjerne trekke ein syltynn tråd til Das Boot, som på si side hadde putta inn ei heilt overflødig metarammeforteljing for å legitimere relevansen). Den djupe forteljinga var nok heller ikkje det som var målet i denne musikalske feiringa av Aasen sitt mål.
Det denne framsyninga derimot lukkast i, er alle dei fine småkommentarane om skriftspråket mitt. Stadig retting av bokmålske og tyske endingar i kvarandres tale var både artig og ein påminnar til oss som tidvis glir over i det litt for radikale. Bandet må òg trekkast fram – med sin samantrykte kontrabass (?) og episke namn: The Arkivars (flinke var dei òg). Som austnorsk vil eg òg berømme Ein god dag… for å ha ei breidde i nynorskutvalet – alt bar ikkje preg av det vestlandske. Det var dessutan vanskeleg ikkje å bli bevega rørt av dei mange nynorske perlene vi fekk servert – spesielt da min barndoms favoritt Vårsøg (som opprinnelig opphaveleg vart kjend for meg i ein NRK-musikkvideovariant med Sigmund Groven og solnedgang) dukka opp mot slutten.
Alt i alt kjem denne framsyninga med to viktige konklusjonar:
– Det er ingen ting som lukta av arkiv om morgonen
– Vi ha’kje nokke å vere skjemde for (og det har eg heller aldri vore!)
Ein god dag kjem aldri for tidleg – Dramaturgar: Ola E. Bø og Bodil Kvamme – Konsept/ regi: Ingrid Weme Nilsen – Med: Katrine Lunde Mackenzie, Siren Jørgensen, Randolf Walderhaug – Piano/ trekkspel: Carl Fredrik Falkenberg – Bass/cello: Ole Marius Melhuus – Fele: Rannveig Ryeng – Det norske teater, Sogn- og fjordane teater, Hordaland teater.
Spelast
7. sept. kl.18:00, 10. – 12. sept. kl.19.30: Logen Teater
26. sept. kl.19.30: Hordaland Teater/ Hordamuseet på Stend
26. sept. kl.19.30: Hordaland Teater/ Hordamuseet på Stend
– Ragnhild