Kategorier
Omtalar

Intern utkledningsfest

Karen Foss Quite Works hadde forestilling på Cornerteateret i helga. Dette gav minner om barndommen.

Da eg var lita elska eg å gle meg ut, særleg i gamle klede. Vi hadde ei stor eske på loftet. Med parykkar og kjolar i ekle syntetiske stoff og smykke og alt for store sko. Også gjekk vi på besøk til mormor og viste oss fram og ho lo av oss og tok bilete av oss. I mormor sine fotoalbum trur eg nesten ikkje det finnast eit einaste vanleg bilete av meg.

scan4a

Det var desse minnane eg vart tatt med attende til da eg såg Gyllen ondskap med Karen Foss Quiet Works på Cornerteateret i helga. Fire dansarar i kjoler frå ei svunnen tid og blonde, lange parykkar. Ellers var det som samtidsdans flest er (for å vere fordomsfull): relativt nakent scenerom med teppegolv og og ein tom lysrigg på midten. Noko svevande pling-plongmusikk. Og merkelege rørsler ein ikkje heilt forstår kor dei har fått ideen frå. Og sjølvsagt kom dype spørsmål som «kven er eg?» og kva som kom først av høna og egget. For ein gongs skuld hadde eg faktisk skjønt kva dette handla om av meg sjølv, sidan dei dreiv og plasserte egg på scenekanten og ho eine dansaren holdt i ein kosedyr-kylling (ånei, kva om dei mister egget på teppegolvet?). Men kva rosinene dei kasta rundt om hadde med saka å gjere veit eg ikkje. Heller ikkje sprayflaska dei laga lydeffektar til. Og kva har eigentleg tittelen på forestillinga med dette å gjere? Men det er ikkje så nøye.

Forestillinga var ein fin verd ein lett kunne drømme seg bort i, men dessverre skjedde det same her som så ofte skjer når eg ser samtidsdans: eg følar eg ser på noko eg ikkje har lov til. Dei involverte har ei intern sfære vi som publikum ikkje får vere ein del av, og med dette blir det heile litt introvert og eg kjennar eit ubehag over meg og at her burde eg ikkje vere. Men det var kanskje litt som dette utklednings-leiken vår da eg var lita var- den var mest artig for oss som var med. Og mormor sjølvsagt. Mormødrene til dansarane her hadde sikkert kost seg dei og.

Heldigvis avslutta det på ganske avslappande vis, og eg avsluttar dette med same handling som dei gjorde i Gyllen ondskap: What ever, I don’t care. Her illustrert med pen hatt og sid kjole.

scan15

-Ingrid

Gyllen ondskap:

Av: Karen Foss Quiet Works. Med: Suzie Davies, Josephine Kylen Collins, Karen Foss, Jørgen Knudsen, Martina Hajdyla Lacova, Håvard Pedersen, Daniel Dacek, Camilla Svingen, Sigve Sælens-Minde.