Før framsyning
Dette gler eg meg til:
– Premiere! Det er er ekstra stas å vere der fyrste dagen, folk kler seg mykje finare da.
– Det er godt dei har valt ein dyktig skodespelar til jobben, da blir det kanskje ikkje så krevande for konsentrasjonen min.
Dette er eg skeptisk til:
– Monolog. Snork?
– «Og selvsagt gjør Ragnhild Lilli til en ekte bergensjente.»

Etter framsyning
Ljos og scenografi er som regel ok+ på institusjonsteateret i Bergen, det merka eg denne gongen òg. Ragnhild Gudbrandsen er også ein av dei mest solide skodelspelarane dei har, spør du meg – sånn sett vart det ikkje langdrygt med to aktars monolog.
Med andre ord var det ingen tvil om at dette var ein kvalitetsproduksjon, noko dagens avismeldingar også vitnar om. Og sjølv om eg ikkje er gift med to born forsto eg kva som skulle vere artig i teksten, og at eg kanskje flirer høgt av dette om 20 år. Men det tyder ikkje at eg tykte det var morosamt no. Eg flira mest av andre, litt eldre menneske i salen når dei fekk latterkrampe av dei mest banale utsegn frå scenekanten.

Dette var med andre ord ei kvalitetsframsyning dei fleste vil ha glede av. Men:
Ein kan seie kva ein vil om apparatet rundt og ein solid tekst oppdatert til å gjelde ei bergensfru, men samstundes vart dette litt vel bakstrebersk. Det er heilt sikkert mange som har lagt vekk draumen om å reise ut for å oppleve verda, greitt nok. Men sjølv om det finnes eit og anna døme på husmødre som har middagen på bordet til same tid kvar dag: kom ikkje her og sei at dette er noko eg skal kjenne meg att i. Nokon gong.
Ja – dette er skrive av ein barnlaus og ugift 27-åring som ikkje kjenner seg att i Lilli. Men eg kjenner likevel at det er på sin plass å dra fram at delar av stykket er forelda.
Slit du med å henge med? Les litt om handlinga her.

For all del, vi treng teaterstykke som Lilli Valentin, der dyktige kvinnelege skodespelarar får briljere, der dei over 40 er målgruppa. Men plis, la meg sleppe ei tilskodarverd der alle nikkar med og flirar av desse håplaust enkle ektemennene som ikkje veit skilnad på vaskemaskin og komfyr, og som hindrar deg i å nå dine mål og draumar – for «dette kan vi kjenne oss att i».

Du kan godt flire alt du vil av latterleggjering av sms-språk, stereotype nabokjerringar og name-dropping av stadnamn i Bergen, men kjenner du deg att i så utdaterte problemstillingar burde du ikkje le og godta at «sånn er livet»: du burde bli provosert. Du burde, som meg, heller bli sint og flau over faktum som at «pikenamn» framleis er eit aktivt omgrep i språket vårt.
Hm. Kanskje helie tiraden eg kom med her nettopp syner at Lilli Valentin framleis er aktuell. Eg har i alle fall fått bekrefta éin ting: pikenamnet mitt får du aldri.
Lilli Valentin
Av Willy Russell – Oversett av: Krogstad, Morten Wessel – Regissør: Hytten, Anne-Karen – Scenograf,kostymedesignar: Kleiva, Dagny D. – Lysdesignar: Kambestad, Arne – Dramaturg: Iversen, Solrun Toft – Skodespelar: Gudbrandsen, Ragnhild.
Speles på DNS Store scene fram til 7. desember 2013.
– Ragnhild
4 svar til “«Herlig frigjørende», eller «Pikenamnet mitt får du aldri»”
Eg har ikkje sett stykket, men eg får litt kjensla av ulike ting frå teksten din:
1. Dei ungdommane og unge vaksne som må snike inn ord som FOREVER ALONE og FFFFFUUU i alle samtalar, fordi referansehumor er det einaste morosame i heile verda.
2. Mannlege standupkomikarar som køyrer «damer, ass, vasker heile tida og sånn, kva er greia med det?»-rutina og kvinnelege standupkomikarar som liksom slår tilbake med «menn, ass, sit berre i underbuksa og ser på foppall heile dagen, kva er greia med det?». Det er så slitt materiale at det omtrent riv hol i universet kvar gong nokon byrjer på det igjen.
Er dette Jan Herwitz, all over all over all over again?
PS: Eg hadde sikkert lett litt, fordi NøstetHAHA. Det kan vere at eg har satt i underbuksa i heile dag og sett på TV-en, MEN EG HAR IKKJE SETT PÅ FOTBALL. Takk for meg.
1.Meir sykt nice og LOL.
2. Eller mannfolk som får heimlengsel før dei har kome til Sotra!
Neida, det held seg stort sett i skinnet med tanke på bergensreferansar.
PS: Det har eg òg – og det kjem eg til å gjere om 20 år òg!
Finst det forresten noko som helst anna stad i Noreg – om ikkje verda – der «Og selvsagt gjør X Lilli til en ekte Y-jente» er ei heilt ok setning? Har originaloppsetjinga eit geografisk tilsnitt – hadde det same fungert i Oslo, Berlin, New York, Ulan Bator?
ja, dei gjorde det i Oslo. Men bergensarane tykte det var vulgært med dårleg humor. Bergen er best!