Kategorier
Omtalar

Grensesprengande impo

Rehersing being Human er Lisa Nøttseters einkvinnes-impoviserte forestilling.

«Nei eg kan ikkje, eg må møte Lisa» – det har vore Ragnhild sitt svar på det meste i det siste. Nesten så eg følar meg bedratt. Kva kan vere viktigare enn bloggen vår? For å finne ut av dette tok eg turen til Cornerteateret på kvinnedagen og der selde Ragnhild billettar og Lisa gjorde seg klar til impro. Ho skulle øve på å vere menneske, i ein time, medan vi andre såg på.

DSC03885

Ho brukar litt tid på å leite i rommet etter impulsar. Tar ho utgangspunkt i ei rørsle, kjensle, lydar eller tinga vi fekk legge frå oss på golvet før det starta? Det er kanskje ein blanding av alle desse.

Det fysiske uttrykket til Lisa er grotesk og ekspressivt. Og fullt av detaljar, både i stemme, rørsler og idear. Ho har eit scenespråk som vekslar mellom å sjå ut som det er totalt kaos i kroppen og kontroll på same tid.

Ho tek oss med inn i skogen gjennom ein grøn matboks med kvite trær på. Er vår sjaman på vegen over grensa til Noreg frå Russland med ei lue ho tar over ansiktet. Ein paraply er både eit våpen og gøymestad.

Og i mellom alle dei tafatte forsøka på å komme seg over grensa, kjem det andre scenar som fortel kor deilig det er å vere på hytta eller ein and som stiller dei store spørmåla i livet frå Naiv Super og ein einhjørning med alt for skjærande stemme. Og alltid klarar ho å komme tilbake til grensekryssinga. Det er det som er så fint, at det blir ein rød tråd i heile improen, og ho mistar ikkje seg sjølv på vegen. Medan ho stadig minnar oss på at dette er kunst.

Med det blir dette ein kommentar til vår store nabo i aust, som i disse dagar utfordrar grensar til andre naboland. Er vi så trygge i lille Noreg som vi trudde? Er det ein fordel at Amerikanarane overvåker oss og har Jern-Erna kontroll på kontinentet?

DSC03903

DSC03898

Rehersing being human: 
En Bjelke i øye produksjon, Utøver og kunstnerisk ansvarleg – Lisa Nøttseter, Produsent -Ragnhild Gjefsen.

Framsyninga spelast på Cornerteateret 14. og 21. mars kl. 20.00.

-Ingrid