Geometrisk pusting

Å puste i firkant. Kva vil nå det seie? Teiknar du firkantar med pusten, eller står du bokstaveleg talt inni ein firkant og pustar?

Dette var stort sett det vi lurte på da vi drog for å sjå konsertframsyninga Puste i firkant på Cornerteateret onsdag. (Greia musikarar har med å kalle ting «konserframsyningar» tykkjer vi elles er ganske unødvendig – vi har aldri heilt skjønt skilnaden på det og vanlege konsertar, der fortel ein jo òg anekdotar innimellom).

PUSTEIFIRKANT-til-nett_

Tilbake til firkantane: Etter ei rekkje personelge songar om det å leite etter nokon, vere litt ekorn, for så å finne nokon, i rette May Britt Andersen-stil,  fekk vi svaret:

Det er mest det å teikne firkant med pusten, bortsett frå at du pustar inn berre ein gong, så du eigentleg ville enda opp med berre ein vertikal strek dersom du til dømes pusta på ei glasrute.

Og er dette ein nyttig pusteteknikk for oss som ikkje er songarar også? Og er det betre å kunne puste i firkant enn – lat oss seie – sirkel? Det er visst òg ein ettertrakta pusteform for musikarar, har vi skjønt.  Men nok snakk, på tide å teste det ut:

Vi pustar i FIRKANT

Pust inn (opp) – hald (bort) – pust ut (ned) – hald (bort). Som forklart av Hilde Trætteberg Serkland.

DSC03779 DSC03788

Ingrid: Dette er litt som å puste i stakato. Men eg kjennar eg plagast litt med å halde pusten etter at eg har pusta ut. Kanskje eg kunne bruke denne teknikken når eg trenar?

Ragnhild: Dette verkar jo isi-pisi. Her er det berre å køyre på.
Vent, kva veg var det eg skulle puste inn? Eg er svimmel.

Vi pustar i SIRKEL

circular-breathing-sample

Her nyttar vi ein taktikk vi plukka opp da vi gjekk MDD på vidaregåande. For å sikre at du pustar i ein konstant sirkel, kan du bruke eit glas vatn med sugerøryr (i mangel på didgeridoo). Pust i sugerøyret og forsøk å unngå at det sluttar å boble. For å få til dette må du trekke veret gjennom nasen samstundes som du produserer boblar med munnen; sirkelpust.

DSC03771 DSC03761

Ragnhild: Dette er jo berre teit, dette kjem eg aldri til å få til. Eg er redd for å få vatn i nasen. Det er jo ikkje noko problem å puste inn og ut samstundes, det er den der kontinuiteten som er tricky.

Ingrid: Dette kan eg i teorien. Men korleis dette fungerer i praksis skjønar eg ikkje. Eg trur det berre er lureri. Saksofonistar som har lange tonar brukar playback!

KONKLUSJON

Vi likar i utgangspunktet ein meir klassisk strekpust. Inn og ut liksom. Det andre kan musikarane ta seg av.

– Ragnhild og Ingrid

 

Puste i firkant – Tekst, musikk, idé: Hilde Trætteberg Serkland – Regi: Marianne Sævig – Tangenter: Helge Lilletvedt – Bass: Peter Sæverud – Perkusjon: Hans Christian Dalgaard – Kor: Elin Hestenes.

Speles 6. februar kl. 20.00 på Cornerteateret