Kategorier
Omtalar

Gamlis-Glee på Store scene

Evig ung på DNS består av ei syltynn, men velfungerande, rammehistorie lagt til ein gamleheim i framtida.

Nei, det er ikkje stor kunst i høgkulturell forstand. Men det er artig, da!

Evig ung består av ei syltynn, men velfungerande, rammehistorie lagt til ein gamleheim i framtida. Det er sjølvklart ikkje ein gjennomsnittleg gamleheim, men sjølvaste Den Nationale Scene omgjort til ein institusjon for dei opp i åra. Her møter vi ein handfull attlevande skodespelarar i rolla som sitt eldre sjølv. Det verkar som aktørane som får lov til å spele ut sin indre senior har det artigast av alle, der dei parodierar og drar teater-interne spøkar av ymse slag. Men det gjer ikkje noko, for vi flirer, vi òg.

Slapstick og hits er stort sett det vi får servert, og det med stort trøkk. Det er berre ein musikar på scena (som i tillegg treng litt påfyll av surstoff innimellom), og vi let oss imponere over kor godt DNS-skodespelarane bar musikalsk. Vi fekk servert både balladar og Barbie Girl, og til og med fleire mashups. Songnumra kom både motiverte og mindre motiverte, med billige overgangar og plutselege overgangar. Det er vi vant til – vi har da sett på Glee.

Det vi har å pirke på er (i tillegg til nokre vel dryge forsøk på overgangar) korleis mellomteppe og sceneelement byrja bevege seg heilt på eigahand. Det var litt for barne-tv. Her hadde vi heller sett at ein av pensjonistane kom borti ein spak eller eit tau vet eit uhell, heller enn at dreiescena berre sett i gang på magisk vis. Og så såg vi litt for mykje til pleierska. ”Eg syng støtt to vers for mykje”-momentet vart fort brukt opp, og det var jo gamlingane som serverte humoren!

Det vi likte godt denne gongen, var den simple humoren og showfaktoren – og det faktum at ingen forsøkte gjere det til noko meir. Det var kanskje spesielt artig å høyre alle utbrota til Ragnhild Gudbrandsen, som hadde fått utdelt rolla som den vulgære i gjengen. ”Fosse-fitte” er eit skjellsord vi skal byrje bruke aktivt.

Ein skulle kanskje tru at det gjorde det alt for lite givande for overkompetente tilskodarar som oss sjølve, men framsyninga hadde heile vegen drypp av teaterreferansar frå både husets interne historie og dei store verka. Dermed var det mogleg å teste eigen Shakespeare-kunnskap, samt skratte oppgitt over ”dreiescena som har sete fast i 50 år” (det er artig fordi det er sant, den er heilt talentlaus).

Og vi hugsar Folkeutrydning, Pål! Du var veldig flink, men eggepunsjen vart litt i overkant.

Viktig å ta bilete i speilet – sjølv om det er litt for varmt for teaterpelsen

Forestillinga går på DNS fram til 12. mai.

Dramatikar: Erik Gedeon – Omsettar: Marit Tusvik – Regissør: Mette Brantzeg – Dramaturg: Solrun Toft Iversen – Scenografi og kostyme: Silje Sandodden Kise – Ljosdesigar: Arne Kambestad – Maskør: Kati Sjøgren – Skodespelarar: Kristoffer Sagmo Aalberg, Ragnhild Gudbrandsen, Siden Jørgensen, Gerald Pettersen, Pål Rønning, Sissel Ingri Tank-Nielsen – Musikar: Harald Dahlstrøm

Alle foto frå DNS: Øystein Klagegg

Fosse-fitte.

– Ragnhild og Ingrid