Kategorier
Førehandsomtale

Teater + vitskap

I Hordaland teaters nye barne-oppsetting møtar teatret vitskapen.

Eg veit ikkje kor mange gongar eg har fått spørsmålet «hæ, er det noko som heiter teaterVITSKAP?» når eg har forklart kva eg har studert. For ja, det går an, det er visst ein vitskap på lik linje med kjemi og fysikk og biologi og sånn.

Men no må alle fjerne slektningar i konfirmasjonar, ymse folk på vorspiel og alle andre uvitande skeptikarar sjå hit! Her er beviset på teater er vitskap! Nemmeleg i Hordaland teaters nye produksjon Magnet (trur det uttalast på norsk, ikkje engelsk) møtar teateret vitskapen. For når teater foregår på eit vitskapssenter, da må det vel vere vitskap.

DSC03077

Teatersjeef, Trond Birkedal
, seier at hans største ønske er å lage kunst for barn, som ein ikkje finn på det kommersielle markedet. Og med det finn ein i den nye teatersalen på VilVite-senteret eit assosiativt rom som gir moglegheit for eksprimentering; scenografi som fungerar som musikkinstrument, og musikkinstrument som fungerar som scenografi.

I Magnet møtar ein Guten sine undringar med alt det den kloke bestefaren visste – og med den nye vetlesøstra som kjem, korleis blir eigenleg det? For når eit frø plantast ligg kodane klare for korleis blomen blir – raud, kvit, blå eller gul. Men mennesket som ligg i magen – korleis blir det, kva personlegdom får det?

DSC03013

Forestillinga som går på VilVite-senteret frå og med laurdag 4. oktober stillar dei store eksistensielle spørsmåla, men og praktiske vitskaplege spørsmåla som korleis lydbølgar og tyngdekraft fungerar. Det er vitskap i røra – kor lange må dei vere for å få akkurat den tonen? Det er vitskap i turnhjulet – tyngdekrafta sluttar aldri å imponere! Det er vitskap i togbana som går rundt og rundt – korleis får dei til det? Og det er vitskap i oss – menneskja – vi består av millionar av cellar, atomar, elektronar. Men vi kan òg tenke – kven er eg og kva gjer eg her og kor skal eg? – Sånn i det store biletet.

Og etter at forestillinga er ferdig, kan ungane prøve ut vitskapen i praksis – for med i billetten får ein adgang til VilVite-senteret. Den optimale aktiviteten i haustferien!

Og eg kan ta meg ein ny prat med alle som ikkje trur noko på at teater er vitskap.

DSC03094

– Ingrid

Bileta er teke på pressevisning torsdag 2. oktober.

Les meir praktisk om forestillinga her.