Livet etter vasen

Den siste månaden har fjasbokstraumen til kulturkjerringar som oss vore prega av førepurnadar om å få blomane våre. Altså, dei vi har ståande på rommet eller i stova, som gir oss kjensla av helg og ein møblert heim.

Det er Sara Bruteig Olsen som spør etter dei, med ein vag kommentar om at ho treng visne blomar til kønsten.

screenshot_20161102-151536
Etter vekesvis med oppmoding om å ta vare på visne kvastar, treng vi å kome til botns i kvifor. I byte mot svar tilbyr vi ein 50 kroners bukett som har sett betre dagar.

dsc_0745

R: Hei Sara! Kvifor går du rundt og samlar inn dei gamle blomane til folk?

S: Vi treng gamle blomar til scenografien til framsyninga I Helheim, ei reise ned i eit slags helvete, Garborgs og Skinnvengirs helvete.

R: Frå kvar hentar du blomane?

S: Vennar, eg har hatt så mange trivelege kaffi- og vinavtalar i samband med overrekkinfa av desse visne vakre blomane (anbefales)
og meir bekjente kor vi da har vorte litt betre kjend (anbefales)
og gjennom å ta med nokre av blomane ingen ville ha på Rema med helgeinnkjøpet (anbefales)
og bedrifter som
t.d.  Muséhagen, kor eg har lært ein heil del om blomar og planteliv (anbefales)
og Studentteateret Immaturus si framsyning Til ord skal du bli, der har blomane vandra frå ei framsyning til den neste (anbefales).

R: Er det eigentleg snakk om store mengdar?

S: Det er vel snakk om ein åtte-ti søppelsekkar til saman, litt usikker.

R: Og kvifor burde ein kome å sjå desse blomane i aksjon?

S: Fordi det er eit helvete fullt av poetiske, musikalske, humoristiske, daude og levande impulsar som kan gje ein lyst til å for alltid sette pris på blomane, òg når dei er i sin haust.

 

Det var altså Garborg som sto bak.

Skinnvengirs I Helheim – ein guida tur i Helvetet speles i Kongesalen på Cornerteateret 03.11 kl. 20:00, 04.11 kl. 20:00 og 05:11 kl. 15:00 og 21:00.

dsc_0746

– Ragnhild

Tags: