Vi har vore på besøk i borga til Fredrik og Maries teaterlag! No gledar vi oss til å oppleve det ferdige produktet – 8,5 timar med natteater i byen ved Rondane.
Vi er ganske sikre på at vi kan garantere ei holistisk oppleving fylt med plastiske sceneelement og mellomaldersk elende.
Da Frontlosjen besøkte settet, var det enno att mykje å gjere. Marie (t.v.) og Fredrik har ein finger med i spelet i alle ledd.
Men også skodespelar Maja Bekken jobbar hardt med å få medaktørane sine ferdige i tide til premiera 24. august.
Fredrik Floen sin særeigne og samtidstypiske scenografistil vekker mersemd, han har mellom anna designa korstyma til operaversjonen av Björk-albumet Vespertine i Mannheim.
Med seg i teamet denne gongen, har han mellom anna Barbro Bekken, hovudarkitekten bak vårt bevinga fotoobjekt. Marie Nikazm Bakken er til vanleg kunstnerisk leiar for Turteatern, men har likevel overskot til å gjere eigne prosjekt i heimbygda.
Ofte skuar ho ut over det vakre landskapet for inspirasjon. Og i bakgrunnen kan vi andre ane konturane av eit anna imponerande landskap: universet til Fru Inger til Østeraat.
Det er eit stort team som jobbar fram mot haustens store nattoppleving i byen ved Rondane. Don’t miss it!
– Ingrid og Ragnhild
Fru Inger til Østeraat av Fredrik og Maries teaterlag.
Otta kulturhus 24.08 – 25.08 – 31.08 – 01.09 – 07.09 – 08.09 kl. 22.30
Buss frå Black Box teater dei to siste helgene.
Kunstnarisk leiing, regi, produsent: Marie Nikazm Bakken – Kunstnarisk leiing, Kostymedesign, scenograf, rekvisitt, maske, produsent, skodespel: Fredrik Floen –
Av og med: Henrik Ibsen, Maja Bekken. Marie Othilie Hundevadt, David Stephen Grant, Ann-Marie Fritiofsson, Barbro Bekken, Jostein Kjorstad, Karianne Kaspara Haag, Selma Lindgren, Ellinor Egeberg, Frøydis Aarhus, Svend Erichsen, Daniel Frikstad, Andrea Rudland Haave, Kjersti Aas Stenby, Maria Zakrisson Mortensson, Sigrid Marie Kittelsaa Vesaas, Sigrid Lerche, Solveig Styve Holte, Rannei Grenne, Paloma Leyton – Den fremmede i natten, lokale gjestar: Adis Yakupovic, Alf Ollet, Melanie Fieldseth – Co-produksjon: Black Box teater (Oslo), Otta Kulturhus (Otta) – Støttet av: Norsk Kulturråd, Oppland Fylkeskommune, Fond For Lyd og Bilde, Fond for utøvende Kunstnere.
innavla mjøl i posen // ragnhild har vore med på martnasrevy saman med Marie.