I det eg sett meg ned fortel ei av damene som sitt rundt dei runde borda (i ein kabaret-aktig setting) at det var bra dei gjorde det slutt. Ei anna seier det var bra at dei gjorde det slutt før dei reiste på ferie saman. Ein annan seier det var bra at dei gjorde det slutt før dei presenterte familien for kvarandre. Ei anna seier det var bra dei gjorde det slutt før ho strikka genser til han. Ved siste setning kjenner eg meg allereie att.
Slik var det å vere på prøve til «Det var en gang et menneske» – forestillinga med heilt vanlege folk har allereie blitt så populær at det har blitt satt opp ekstra forestillinger – og det utan at det har hatt premiere enno. For på fredag skal dei som under Festspillene i Bergen i fjor fortalte historiane sine til regissør Vibeke Flesland Havre fortelje dei til oss.
Borgerteater heiter det visst, eller Borgerbühne slikt som dei kallar det på kontinentet, det er der konseptet kjem fra. Ein kan kanskje kalle det amatørteater, forskjellen er berre at produksjonsrammane rundt det heile er profesjonelle og at aktørane ikkje skal spele skodespel – dei skal vere seg sjølve. Noko som kan vere vanskeleg nok å gjere på ei scene når ein er profesjonell skodespelar òg.
Da eg var der skulle dei prøve kostymer. Kostymene er forskjellige frå person til person, og dei har fått velge «sitt opptimale» antrekk. Ei i vikingkjole, ei som tatt ut av scena frå the Great Gatsby og ein frå eit barokt slott. Eg byrjar å tenkje på kva mitt optimale antrekk skulle vore. Eg trur eg hadde vald det ut ifrå kva historie om meg sjølv eg skulle fortalt. Også kjem eg på at eg har ikkje så mange spanande historiar frå livet mitt å fortelje, så det er like greitt at eg ikkje er med på dette. For far min forlot meg ikkje da eg var lita, eg hata ikkje skulegarden eller har ikkje funne verdast finast flygel i Wien. Det er mange sterke historiar vi kjem til å bli kjende med, og så lenge dette ikkje blir sosialpornografi trur eg dette skal bli ei fin forestilling – det er oftast teater av personleg art eg likar best. Så lenge det ikkje blir for privat.
– Ingrid
Det var en gang et menneske – Folkets festspillscene:
Samarbeidsprosjekt mellom Festspillene og Den Nationale Scene. Manus og regi: Vibeke flesland Havre
Urpremiere fredag 29. mai kl. 18.00, på Lille scene/DNS. Spelast fram til 3. juni.