No kan du sjå esc ungdomskompani for samtidsdans si nyaste framsyning på Cornerteateret. fight/flight er samansett av ulike koreografiar frå tre profesjonelle koreografar: Kristine Nilsen Oma, Mari Frogner og Daniel Rodrigo Nilsen. Dansarane på scena er alle ungdom med dansetalent, og esc er meint å vere eit springbrettfor dei som vil satse profesjonelt på samtidsdans. Sjølv vart eg kjend med kompaniet og konseptet da eg jobba på Bergen Dansesenter, og kjem heilt klart til å følge med framover òg.
Slik sett har nok helgas framsyning vore ein god øvelse. Med dei tre ulike koreografane har dei fått prøvd seg på ulike sider ved samtidsdansen – frå teknisk krevande rørsler til det emosjonelle uttrykket (som nok kan vere like utfordrande).

Framsyninga starta ute i foajeen, med koreografien Hjertet. Her synte fire dansarar ein sårbar koreografi – i den forstand at dei verkeleg eksponerte seg sjølv som aktørar, gjennom rørsle, lyd og ikkje minst kjensle. Arbeidet verka i stor grad å vere improvisert fram, og det var imponerande å sjå korleis ungdomane verkeleg turte å danse individuelt og så tett på publikummet sitt. Både i rørsle og ansiktsuttrykk synte dei seg som uredde og utforskande dansarar.
Dei to øvrige koreografiane vart framført i eit meir klassisk scenerom. Fights, flights and that space inbetween hadde eit herleg fugleaktig preg, både gjennom lyd og rørsle, og var ei openbar materialisering av både fight of flight. Dei fem dansarane på scena fekk synt korleis dei alt har opparbeida solid rørslekompetanse, og gav oss i publikum god oppleving. Også soundtracket var utruleg kult (av Oli Newman visstnok, gjerne tips meg om kva låten heiter!).
Nå som jeg kjenner deg ved navn var den mest omfattande koreografien, både med tanke på lengde og tal på dansarar. Her fekk vi verkeleg sjå kor dyktige ensemblet kan vere i kollektiv koreografi, med mange kule passasjar. Men dansarane fekk òg synt seg fram individuelt – samtlege hadde ein form for solo i løpet av koreografien. Dei dansariske delane var brutt opp av små tekstar lest opp av aktørane sjølv. Eg har framleis denne på hjernen.

Det var med andre ord verdt det å ta turen ned på Møhlenpris for å samtidsdans. Dansarane i esc er flinke og imponerer med sin uredde ståpåvilje, sjølv om ikkje all tenknikken alltid sitt heilt på plass. Enno. Eg sett pris på at nokon vel å kjempe for dei unge samtidsdansarane i Bergen.
– Ragnhild
esc ungdomskompani 2014 – Kunstnerisk ledelse: Camilla Skrede Johannesen, Cecilie Ravndal Nilsen, Monica Reksten – Dansere: Victoria Joy Askeland, Maria Elen A. Bjørvik, Isabella Agdestein Blume, Putli J. Baldin Hellesen, Henrik Nordin, Suzanne R. Olaisen, Ida Helen Olsen, Benedikte Herland Sørensen, Lisa Teige, Michael Henrik Vedeler, Nicolay Tysse Øberg.
fight/flight – Koreografi: Kristine Nilsen Oma, Mari Frogner, Daniel Rodrigo Nilsen – Lys: Øyvind Hillestad – Dansere: esc ungdomskompani 2014
Speles på Cornerteateret 20., 21. og 22. september kl. 19.00