Yey og ney frå Festspillene 2017

Da vi bladde gjennom årets festspillkatalog tidlegare i vår, var det to framsyningar som utmerka seg og som vi hadde veldig lyst til å sjå på Festspillene. Det er ikkje akkurat eit imponerande antall, og vi rister litt på hodet over at scenekunst får tildelt så lite plass. Heldigvis var dette to framsyningar vi gleda oss veldig til!

Tungvektarar

Legendariske Shakespeare. Legendariske Robert Wilson. Det kan knapt bli betre for oss teaternerdar! Shakespeares sonettar har vi sett tidlegare på Berliner Ensemble og dette tålte absolutt eit attsyn.  Gjennom Robert Wilsons genistrekar og Rufus Wainwrights briljante tonar får sonettane eit eige univers som ein berre kan drøyme om når ein les dei for seg sjølv. Det er slike framsyningar som verkeleg får ein til å tru på teater som kunstform. Ei framsyning fylt av presisjon, humor og kjærleik.

Enno meir spennande var det at Robert Lepage skulle gjeste Bergen att, for denne teaterlegenda hadde ingen av oss sett live før. Forventningane var skyhøge da vi satte oss inn i salen på Den Nationale Scenes Store scene for å oppleve 887. Mange gongar finn ein veldig fort ut om ein likar ei framsyning eller ikkje, og berre etter eit par minutt innsåg vi at det berre var å lene seg attende for å nyte teatermagi og handtverk på sitt beste. For oss som let oss fascinere av alt i miniatyrformat, var dette ei gåvepakke og Lepage skapte eit personleg univers ut ifrå modellen av huset han vaks opp i. Den assosiative teksten er formidabel og den tekniske scenografien er imponerande, men det er måten disse to utfyller kvarandre som gjer dette til ei meget velfungerande framsyning.

887_085_ELABBE

Kan vi få ei sånn lita drosje som speler Nancy Sinatra? Vi lovar å ta godt vare på den.
887 av Robert Lepage på Festspillene i Bergen. Foto: Erik Labbé887_049_ELABBE

Presisjonen til Lepage syner at han framleis har det i seg, sjølv om han stort sett ikkje står på scena sjølv. 
887 av Robert Lepage på Festspillene i Bergen. Foto: Erik Labbé

Nytt om gamalt

Frode Grytten evner å fortelje sentimentale historiar på usentimentalt vis, og framsyninga Albert og Anna på Den Nationale Scene er ikkje eit unnatak. Dette er grineteater som ein har mest lyst til å sitte åleine og sjå medan ein et is rett frå boksen. Livets syklus vart metaforisk fortalt gjennom  korleis det eldre ekteparet utviklar seg over fire årstider. Kari Simonsen viser kvifor ho er ein av den norske teaterscenas største gjennom si tolkning av den eldre Anna som er hardt råka av demens. Vi skulle gjerne sett meir av historia til paret då dei var unge utanom den stormande forelskelsa, og blitt litt meir kjend med personane som forma dei til det eldre paret.

20170510-rt-albertoganna-1114

Albert og Anna i regi av Hildegunn Riise på DNS. Foto: Dag Jenssen.

Frontlosjen utvidar gehøret

For å spe på teatertilbodet bestemte vi oss for å gå ut av komfortsona vår og bevege oss over i musikkens verd. Den sjangeroverskridande konsertframsyninga Sustain på Cornerteatret fortalte utan eit einaste ord eit veldig tydeleg budskap om plastoverforbruket vårt. Gjennom plastleikar som lagar lyd og lys, og tromming med plastflasker til eit lydbilde som har noko ur-aktig over seg, rives vi omlag bokstavleg talt med til den suggerrande musikken. Meir vil ha meir, både av plast og musikk. Men så er det på tide å ta alvoret innover seg, og uttrykket roast heilt ned. Vi kan ikkje la oss rive med på same måten lenger, det er slutt på plastleiken no!

Nyfikne som vi er på nye uttrykk, valte vi å sjå korleis iscenesettinga av Messias av Bergen nasjonale Opera var òg. Og for eit val! Händels verk er mektig i seg sjølv, og supplert med stødig videokunst av Neria Jones og sterke tablå som gir verket eit ekstra dimensjon er dette eit perfekt val både for halv-novisar som oss og meir erfarne oriatoriegåarar. Det kan godt hende at ein av oss gråt ein liten skvett underveis.

messias_foto_thor_brodreskift_11[1] messias_foto_thor_brodreskift_14[1]

Messias med BNO på Festspillene i Bergen. Foto: Thor Brødreskift.

Nei takk.

Da teaterbandet The Tiger Lillies var på Festspillene for to år sidan, gjekk ordet på gata om at dette var bra og derfor tenkte vi at vi ikkje kunne gå glipp av det da dei kom attende. Men om denne trioen sjarmerte Bergen i senk sist dei var her, så klarte dei i alle fall ikkje å sjarmere oss denne gongen. Det tok oss berre eit par minutt før vi innsåg at dette på ingen måte var vår kopp med te, vi trudde det skulle vere litt meir fres i det enn dette. Dyktige musikarar og Poes tekstar vog ikkje opp for ei ufokusert forteljing fortalt på ein ufokusert måte, slapp dramaturgi og platt skodespel. Og når vart det ein god idé å synge ei heil framsyning i falsett? Dette er eit tydeleg døme på framsyningar ein anten elskar eller hatar, for det verka som mange i publikum var begeistra og koste seg.

tiger lillies foto thor brodreskift_5

The Tiger Lillies: Edgar Allan Poe’s Haunted Palace på Festspillene i Bergen. Foto: Thor Brødreskift.

Festspillene 2017 sitt scenekunstprogram hadde nokre godbitar, men det er stort sett vel trygge framsyningar. Til neste år ønskar vi oss framsyningar som røsker litt i konvensjonar, som stiller litt meir utfordrande spørsmål og som gir større overraskingar. Og tungvektarar som kanskje ikkje må spele i ni år før dei endeleg blir inviterte til Bergen.

Slutt å nedprioriter scenekunst på festspelprogrammet!

– Ingrid og Ragnhild

 

inhabilt mjøl i posen // Ingrid jobbar i billettluka på DNS. Vi hadde akrediterte billettar til nokre av framsyningane.

Tags: , , ,