Kategorier
Omtalar

Fantastisk fiksjon

Carte Blanche slår til igjen.

Det har vore lite med festspeloppdateringar på denne fronten i det siste. Vi reknar med de ikkje vil ha dårlege unnskyldningar, så eg køyrer berre rett på: FICTION er (norsk) scenekunst på sitt beste!

FICTION handlar om drømmane vi hadde som barn, kva vi ville bli når vi vart vaksne og kva vi faktisk endre opp med å bli

– Forestillingene vi har om fremtiden – og nåtiden – er intet mindre enn fiksjon. Konfrontasjonen mellom før og nå er håpløs (sitat)

Frontlosjen er ikkje vidare kjend som ekspertar på (samtids-)dans, og sist eg såg ei forestilling av den tidlegare carte blanche-dansaren Alan Lucien Øyen var under Meteor 2011, med forestillinga Winter Guest/ Fugl i magisk regn med tårer. Sjølv om scenografien i prinsippet er det same denne gongen, klarar han likevel å skapa eit heilt anna teaterrom med ein heilt annan stemning. Mellom anna har dei flyttbare veggane fått ein ny dimensjon, persiennar som aktørane opnar og lukkar med stadige mellomrom. Når lyset skin mellom persiennene får eg litt heimlengsel, det minnar om låver kor lyset frå utsida skin mellom kvar plank på veggen. Eg får meg til å tenke på min eigen barndom og kva mine draumer var da og kor eg er no. Akkurat no er eg her og nyt denne vakre forestillinga tenkar eg.

I tillegg til vakre dansescener, møtar vi og nokre monologar og dialogar rundt tematikken, det lille som er av spel gjer det kanskje lettare å forstå samtidsdans. Men eg har ikkje noko problem med å berre nyte dansen, særleg mange av pardansane er nydelige, eg vil sjå meir! Eg likar og godt massescenane når alle sansar samstundes, dansarane er fletta i ein koreografi kor nokon dansar det same, så går det over til at nokre andre dansar likt, dei bryt ut og kjem inn igjen. Sjølvsagt er dansen nydelig å sjå på, men deilig musikk og behagelig volum gjer dette til ei audiotiv nytelse òg.

Ein av karakterane vi møter fortel om livet sitt, om ønskane og draumane han hadde og har medan han legg full drag-sminke. Han var den som dansa minst, men likevel var det ein av favorittscenane mine, den maskuline kroppen med damesminken fekk noko veldig sårbart over seg. Igjen satt eg trollbunde, eg er offisielt fan av Carte Blanche!

Koreografi: Alan Lucien Øyen – aktørar: Carte Blances ensemble

Forestillinga speler i Studio Bergen fram til søndag 3. juni + tirsdag 5. juni.

Alle foto: Yaniv Cohen

– Ingrid