Jo, sjølvklart kjenner eg til Schrödingers katt – inni boksen veit ingen om den er i live. Men eg seier ingen ting, sjølv om han stiller spørsmålet direkte til oss. Ingen andre i publikum svarar heller, og eg vil ikkje vere den som bryt magien. Han fortsett, uaffektert av den ignorante salen.
Gjennom Katten Schrödinger blir eg kjend med ein sjølvlysande mann og dottera Tilda som grev ned bestikket i hagen. Gjennom fengslande historieforteljing blir eg så opptatt av påfunna til Tilda at eg knapt nok legg merke til at eg blir fora med fakta frå verda. Dei snik seg likevel inn på meg og gjer meg medviten om kor lite eg eigentleg tek nyhende innover meg. Det überopne samfunnet vi lev i gjer oss heilt blaserte.
Men det kan eg ta inn over meg seinare. Mens eg sitt i den mørke salen til Studio Bergen fokuserer eg heller på den fantastiske, magiske kista framfor meg, som inneheld ei heil verd. Miniatyrbibliotek og stilleben konstruert av grå gjenstandar. Eit eple og eit gigantisk fjell hundrevis av namnelause ungdom kan gøyme seg i. Utruleg fascinerande i seg sjølv, samtidig som alt kjem til live gjennom forteljinga. Dette er kista til Tilda, det er kista som Sarah Bernard søv i, og det er Amerika-kofferten til Marianne på Loftet. Tidvis litt random assosiasjoner frå mi side, ja. Men slik opplevde eg det.
Etter enda framsyning fekk eg studert sceneelementet nærmare, og naut alle dei små detaljane – ned til det vesle vinglaset på peishylla i miniatyrbiblioteket. Eg ville ta bilete, men gjorde det ikkje. Betre å berre hugse det, og brenne dokumentasjonen.

For det handla jo om bokbrenning òg – både bokstaveleg tala og meir i overført tyding. På Møt kunstnaren-samtala som kom i etterkant, forklarte Pieter De Buysser at det å snakke om ein tekst fungerer litt som å brenne den: ”…to perform means that I can burn what i have written”. Litt djup der altså, og så snakka han ein del om det politiske aspektet. Korleis vi druknar i informasjon, og at vi heller må lære oss å samle informasjonen og gjere noko med den, handle.
Så no brenn eg denne framsyninga ved å skrive om den i eit overflodsmedium. Og du, kjære lesar, har høve til å samle denne informasjonen – men kjem du til å handle?
Konsept: Pieter De Buysser & Hans Op de Beeck – Bilde: Hans Op de Beeck – Tekst og skuespill: Pieter De Buysser – Lysdesign & teknikk: Herman Sorgeloos – Dramaturgi: Marianne Van Kerkhoven Produksjon: Margarita Production – Co-produksjon: Kunstenfestivaldesarts, Kaaitheater, Festival Baltoscandal, Belluard/ Bollwerk International, Teater Avant Garden, Brut Wien og BIT Teatergarasjen.
”Gather information, and then act about it”:
Speles 5. og 6. september – Studio Bergen, 8. og 9. september – Teaterhuset Avant Garden
– Når ein i tillegg blir servert suppe, er det ikkje rart ein likar livet ved dei skrå bredder.
– Ragnhild