Kategorier
Omtalar

Der Kirschgarten

– Det er noko med iscenesettingane på Maxim Gorki eg likar.

Det er noko med Maxim Gorki Theater eg likar veldig godt. Eg trur det startar med arkitekturen. Eg er ikkje sikker på når bygningen vart bygd, men det vart totalrenovert etter krigen. På utsida ser det ut som eit gresk palass, med korintiske søyler og alt anna som høyrar til. Inne i salen ser det meir ut som frå 30 talet i art noveau-stil. Men det trur eg ikkje det er, sånn reint historisk, det berre kjennast sånn. Det er så enkelt, lite og samstundes så stort.

marsapril14 302

Også er det noko med iscenesettingane på dette teateret eg likar. Ungt ensemble. Klassikarar. Teksttro og ikkje særleg nytolka eller dekonstruert. Artige kostymar og iøyenfallande scenografi. Så enkelt. Så komplisert. Sånn har det vore med alle forestillingane eg har sett her; Hamlet, Glassmenageriet og no Kirsebærhagen.

marsapril14 310

Eg hadde fått plass på rad 13, plass 13. I tilfelle nokre lesarar er overtruiske, så gikk det heilt fint. Intil vidare i alle fall.

Det er påfallande: kvar gong  eg har sett forestilling på Maxim Gorki, har det starta med ei grunn scene på nokre meter, korpå eit stykke ut i forestillinga opnas heile scenerommet og biletet forandrast drastisk. Lurar på om dette er eit krav frå teatersjefen. Kanskje det står i kontrakta til regissøren: «Nurkan Erpulat skal regissere Kirsebærhagen hausten 2013. Må innehalde eit drastisk sceneskifte og utvidelse av scenerommet litt over halvveges i stykket. Kan ellers gjere som han vil med Tjekovs klassikar».

Les mer: Frontal + kosmisk = sant

marsapril14 312

Sjølve forestillinga hadde litt rar form, i starten gjekk skodesepelarane ut og inn av scena. Etter kvart stod dei skodespelarane som ikkje var aktive i nøytral mot bakveggen. Så vart bakveggen dytta ned til ein plattform og forma vart meir lik som i starten. Eg veit ikkje om eg likte dette. Ukonsekventheten. Eg veit ikkje om eg likar konseptet med at ikkje-aktive skodespelarar sitt/står på sidelinja og observerer. Kanskje det konseptet held på å går ut på dato?

Anton Tsjehkovs dramatikk blir veldig teksttunkt og for meg har stykkane hans mange birollar og bihandlingar som følast overflødige. Eg følar det viktige og essensielle i stykket kunne vore oppsummert på fem minutts framføring. Sånn sett blir det litt langdrygt. Eg kjeda meg ikkje. Trur eg. Eg trur det har noko med at eg likar teateret i seg sjølv så godt at eg ikkje får meg sjølv til å kjede seg. Men om dette hadde blitt satt opp på ein institusjon i Noreg, hadde eg nok kjeda meg meir. Settingen har altså mykje å seie.  Eller kanskje det er Tsjekhov sin feil?

Det var fint, men kanskje litt platt. Dessutan var den første teateropplevinga mi på Maxim Gorki så innmari bra at ingenting overgår det. Hot Hamlet. Hot Horatio.  (eg var 21.)

marsapril14 315

– Ingrid

PS! Eg rakk aldri å sjå teater om eurokrisa, eg var for oppteken med å henge med mine nye teaternerdete vener.