Den raude Traavik?

Kardemomyang på festspela er ei framsyning med stjerneelevar frå Nord-Korea og ei viktig kulturutveksling for begge landa. Sjølve opplevinga var akkurat det vi trudde det skulle vere: skummelt flinke kids som sjarmerte oss i senk med song og synkrone armrørslar.

Sjølve konserten hadde eit enkelt oppsett, med ei blanding av norske (egnerske) og (nord)koreanske låtar. I bakgrunnen kunne vi sjå idylliske illustrasjonsbilete frå båe land. Songane frå Kardemomme by vart sunge på klingande norsk og koreansk, og publikum let seg begeistre.

Før dei koreanske innslaga fekk vi forklart innhaldet av ein bunadskledd konferansier slik at vi fekk eit inntrykk av kva det handla om. Vi humra litt av songen som handla om glade ungar som elska hardt arbeid, gjorde lekser og var takksame for land og leiar. Typisk Nord-Korea! Så nikka og smilte vi fornøgd medan vi høyrte på Kamomilla spele.

Sistnemnte song vart framført av den yngste guten, som òg spela trommer. For eit sjarmtroll! Han kunne til og med uttale ein vestleg R, noko vi fann spesielt imponerande.

DSC_4220

Flinkare ungdom, som òg var veldig pene og reine i tøyet, må ein leite lenge etter. Vi vart snart overtydde om at mætsjande antrekk er vegen å gå. Frå no av lovar Frontlosjen å gå i like klede oftare. Men det var ikkje uniformane vi var mest svartsjuke på – snarare talentet deira. Personleg kunne vi nok hatt godt av litt meir press under våre korte instumentkarrierar. Vi vil òg vere kule jenter som speler bassgitar! No angrar eg enda meir på at eg slutta å spele piano (Ingrid anm.).

Kardemomyang handlar om kulturutveksling. Det er ein fiffi – og passande – link dratt mellom eit (for oss) fjernt regime og eit (for oss) kjært barneunivers, som byr på humor, sjarme og ettertanke. Vi skal ikkje gå så mykje inn på enkelte sin kritikk om å presentere nordkoreanske vidunderbarn ukritisk, mest fordi dette nettopp er ei kulturutveksling, men også fordi vi i salen faktisk er opplyste nok til å merke bismaken.

Les òg: Take on us! Pyongyang Gold stars PLAY Great Popular Hits VOL.1

Mange undertrykte smil og oppgitte blikk vart veksla da vi fekk servert folkekjære songar som handla om kor glad ein er etter ein dag med hardt arbeid, og når ein går opp på ein høg fjelltopp for å nyte utsikten til sitt kjære land medan ein kanskje tenker på landets leiing. Så fekk vi klump i halsen og let oss imponere av ei rørande tolking av Nystemten, medan fossefall og staute bogekorpsgutar rulla over skjermen i bakgrunnen.

DSC_4279

Eit aspekt av denne konserten finn vi likevel kritikkverdig og verdt ein kommentar: Kva skjer med at vi er så dårlege til å hugse Egner-songar? Meget laber allsong-faktor i salen, oss sjølve inkludert. Salen tok det likevel att i trampeklapp.

Kva var det eigentleg Morten Traavik prøvde på med denne konserten? Prøver han å vekke vår empati til The Supreme Leader? Eller er prøver han å drite ut ein gjeng tweens frå eit rart land?  Kanskje prøver han å få til eit kulturelt møte mellom to land, som ein liten dråpe i havet i forsøket på å gjere Nord-Korea ein del av verda og verda ein del av Nord-Korea? Prøver han å uttrykke eit rop om hjelp for den undertrykte befolkninga i Kardemomme by? Det vi trur er at dette er, derimot, er ei unnskyldning for å unngå dei rigide reglane som finnast for å sette opp eit Egner-stykke!

Vi likte òg estetikken i bileta som vart vist i bakgrunnen og let oss inspirere:

nordkorea-prosesjon

nordkorea-dns

nordkorea-nynorsk

– Kim Ragn-il og Kim Ing-ri.

Foto frå framsyninga: Thor Brødreskift.
Awsome biletemagi: motiv fanga av fotoansvarleg Magnus Halsnes og fortryllande effektar lagt til av nettansvarleg Andreas Hadsel Opsvik.

Tags: , , , , ,